Gå til innhold

Periodisk problem på elektronisk parkbrems, EPB

Ranger emnet


hafflar

Anbefalte innlegg

Hei!

 

I det siste har eg byrja å få periodiske alarmar på den elektroniske parkbremsen på min passat 2007 modell. Både under køyring og enkelte gongar når bilen står på tomgang kan eg få alarm (lyd og indikasjon i dashbord). Av og til kan eg køyra ei stund utan å få alarm medan andre gonger får eg alarm fleire gongar i minuttet (veldig gøy). For meg så høyrest dette ut som eit typisk kontaktproblem (jordfeil, dårleg kontakt osv).

 

Har fått kopla pc til bilen og lese av alarmar og då sa den, om eg hugsar rett: Periodisk alarm, Isolasjonsfeil på ein leidning ut til ein av EPB-motorane.

 

Nokon som har fått ein liknande alarm før? Eventuelt nokon som veit meir on kva feil som gir alarmar? Vert det alarm på leidningsbrudd eller dårleg kontakt i ein eller begge leidningane? Kan det vera feil på brytaren?

 

Eg har undersøkt leidningane ut til motorane frå der leidningane går under bakseta, ut under bilen og til motorane. Ser ingen skadar på isolasjonen, bortsett frå der ein av leidningane går inn i kontakten som er kopla til motoren. Her ser eg leidningen har fått ein litt for krapp bøy og det er ei lita rift i isolasjonen (Bilete ligg ved). Men dette er ikkje i direkte kontakt med karosseri, leidningane ligg jo inni eit trekkerøyr. Den andre kontakten har heilt fine leidningar, men sjølve kontakten sit litt laust på EPB-motoren.

 

Ellers kan eg seia at begge motorane og brytaren har tidlegare vore bytta og EPB virkar på begge hjula.

 

Håpar nokon har eit lurt innspel å koma med smile.gif

post-97537-0-32819000-1457896133_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

God dag!

 

Brytaren og den eine motoren blei bytta før eg kjøpte bilen, altså i alle fall 3 år sidan. Siste motoren bytta eg for to år sidan. 

 

Trur alarmen har kome sporadisk (men veldig sjeldan) enkelte gonger i kanskje eitt og eit halvt år. For nokre månadar sidan begynte alarmen å kome ofte og det har berre auka på.

 

Eg har prøvd å teste ut litt i garasjen med bilen på tomgang for å sjå om eg får alarmen til å gå, med å rikse i ledningane til motorane og kople frå kontaktane, men då har eg aldri fått alarmen til å gå. 

 

Har alarmane ei viss forsinking i styresystemet, før dei går? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

De kontaktene sitter så fint til at de får spruten fra hjulet rett på seg. 

Vært borti at selve kontakta er dårlig, ikke fysisk synlig. 

Hadde kjøpt et par nye kontakter og prøvd det. 

Svar i forbindelse med hjelp til bil er veiledende og som regel ikke et fasitsvar. Bileier/forumbruker står ansvarlig for hva de velger å gjøre selv. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...
  • 4 weeks later...

Nå har eg bytta brytaren. Då eg slo på tenninga etterpå så kom det alarm på parkbremsen umiddelbart. Dette gjer det kvar gong eg slår på tenninga. Gult lys i EPB  symbolet i displayet.

 

Må ein kopla seg til med diagnose for å sletta feilkodar etter byte av brytar?

 

Har lese litt på nett og det er jo mykje å finna om VW og feil på EPB, hehe.. Her står det om at det kan oppstå feil i software ved byte av EPB-brytar, som kan resettast med ein "terminal 30 reset på EPB control module".

 

Link: http://nateronline.com/Technical_Bulletins/2008.07.31_Elec_Brake_doesnt_respond_warn_light_on.pdf 

 

Håpar at det løyset seg med dette. Ellers nokon som har eit tips til meg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Lita oppdatering:

 

Den nye brytaren var tydelegvis feil type.

 

Fekk ein kamerat til å lesa av feilkodar med meg ein kveld. Fekk feilkodar kvar gong den nye brytaren var sett i og desse feilane var permanente. Med den gamle brytaren som er original, måtte me berre slette gamle feilkodar og ta på og av parkbremsen, så var parkbremsen i sving igjen. Flott det, men det løyste jo ikkje problemet med stadige alarmar på parkbremsen under køyring. Ei liten lærdom: Ja, det kan verta dyrt å prøva å gjera ting billig ved å kjøpa uoriginalt...

 

På etterkontroll EU hos merkeverkstad fekk eg dei til å lesa av feilkodar. Før eg køyrte inn der så hadde jo me sletta alle feilkodar og då viste berre den feilen som kjem under køyring. Der fann dei ut an hallgivaren på clutch hovudsylinderen (3C0-927-810-Ahadde feil på seg og denne vil kunna føra til feil på elektrisk bremsesystem. Dei sa og at dette var ein typisk feil dei hadde hatt ein del av tidlegare..

 

Så då sit eg med ein ny hallgivar som har kome i posten og får håpa på det beste når eg har bytta den. :)

Sikkert ein kosejobb det og!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Byte av hallgivaren (G476) gav ikkje resultat. Det kunne eg skuffa konstantera etter ein kort prøvetur.

 

For å koma til hallgivaren må du ut med batteriet, luftfilteret, batteribraketten og kopla frå hydraulikkrøyr frå clutch mastersylinder. Då eg skulle lufta clutchen etterpå såg eg at det var masse bremsevæske igjen i reservoaret, det hadde berre runne ein skvett ut då røyret blei demontert. Så eg valte å ikkje fylle på meir med ein gong for å ikkje overfylle. Men ikkje tale om å få til å lufta clutchen, det kom berre ut luft. Etter spekulasjon om diverse kreative feilkjelder, så var løysinga så enkel å fylle reservoaret heilt opp med bremsevæske. Grunnen til det er at inntaket til clutch mastersylinder er høgare oppe i reservoaret enn bremsene (for å unngå at bremsene ikkje virkar om ein får lekkasje på den hydrauliske clutchen). Dette er kanskje sjølvsagt for dei fleste, men for oss andre som ikkje tenker så klart der og då, er det eit tips å toppe opp reservoaret før lufting. :-)

 

Neste steg var å finne elektroteikningar over EPB systemet på bilen, noko som eg heldigvis gjorde. Fann faktisk elektroteikningar for heile bilen på ei nettside. Controlleren for EPB ligg under midtkonsollen så den måtte eg demontera. Litt skremmande tanke, men det gjekk fint ved å fylgja ein guide eg fann.  (http://www.passatworld.com/forums/volkswagen-passat-b6-discussion/304040-b6-euro-cup-holder-install-pics.html)

 

EPB controlleren og kontakten såg som forventa fin ut og me måla kontiniutet i ledningen frå hallgivaren til EPB controlleren. Men framme ved gasspedalen, såg det ikkje heilt ryddig ut, Mest sannsynleg på grunn av installasjon av ekstrautstyr (defa kupevarmar). Kabelpølsa som ligg der, var ikkje festa med klammer lenger og låg på feil side av ein spiss metallprofil. Mange av leidningane i pølsa hadde småskadar i isolasjonen på grunn av gnissing, blant anna den blå/gule kabelen frå clutch hallgivar til EPB controlleren. Fekk fiksa til med elektrikarteip, festa kabelpølsa med klammer, montert alt saman igjen og det var det. Ikkje meir alarmar som går i hytt og gevær. :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår