Gå til innhold

Papi.

Moderator
  • Innholdsteller

    549
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Papi.

  1. Kjem vel film når bilen er på vegen att?
  2. Slik ser ho ut i dag. Treng forslag til 18" sommarfelgjar, og kvar eg kan få tak i dette. :) All hjelp vert teke imot med takk. :)
  3. Ok, denne tråden var i grunn berre utruleg, UTRULEG meiningslaus for alle andre underforum her, så eg let den berre liggje her så lengje. :)
  4. Av morosame bilar, er det tre eg har personleg erfaring med, som eg kan anbefale. - Toyota Celica GT-4. Liten to-dørs coupe, passelig med hestar, firhjulstrekk, godt med moro. Kjekk bil, i god kvalitet. Funfactor, særskilt på snøen. - Nissan 200SX S13 1.8T. Liten to-dørs coupe, MEGET lett trimbar, bakjhulstrekk. Velprøvd og informasjonsmessig meget god bil, men desse er begynt å verte gamle, så skal mykje til for å finne ein original, utrimma ein. Er mykje å hente i å kjøpe ein lettare trimma, men pass på at det er ordentlig gjort. Høg funfaktor! - Subaru Impreza GT/WRX. Praktisk firedørs bil, kan fåast som sedan og stasjonsvogn, forholdsvis greit trimbar for ein liten pengesum, mykje god og lett-tilgjengelig informasjon på desse. Den desidert beste bilen av desse tre når det gjeld å kombinere praktiskheit og fun-factor. Har fleire kompisar som har GT, sjølv har eg WRX. Kvar av desse bilane har merkje-forum med kvar enkelt modell av desse som underkategori. Mykje bra info å hente her. Toyota Sportscar Owners Group Norway, 200SX Owners Group Norway, og Imprezadriver er sider å sjekke ut. Eg har hatt desse bilane sjølv, og har vore godt nøgde med desse. Desse går også innanfor prisklassen du ser føre deg. :)
  5. Haha, herleg! Ypparlege familiebilen! S-Turbo står høgt på ynskjelista mi for framtida!
  6. Har ein noko konstruktivt å seie, sei det. Om ein ikkje har det, hald stilt, og la vere å vere nedlatande, og kritiske utan grunn. Det ER lov å vere nyfikne, spørje, og kome med konstruktiv kritikk, men då har ein eit ansvar ovenfor seg sjølv, og dei andre, til å bruke normal folkeskikk. Okay? :)
  7. Dei som kjem med forslag, kan de skrive kvifor de anbefalar akkurat den bilden DE anbefalar? Gjerne nevner litt kva som er positivt, og negativt med den bilen?
  8. Kva modellar samanlikna de? Og kva fordelar i forhold til ulemper hadde kvar av kameraene?
  9. Litt seint kanskje, men Contour har også kameraer. Verkar som om særskilt desse er populære i Gatebil kamera-crewet.
  10. Offtopic, men har versjon 2 nattinnstilling, slik at det er mogleg å filme godt om nettene?
  11. GoPro Motorsport, som er det kameraet som er vel blant dei mest utbreidde blant helgja-filmarane, tenkjer eg. Lite, lett, enkelt å bruke, toler ein støyt, og kan brukast til så utruleg mangt.
  12. Det er ikkje nokon forskjell på 2-dørs, og fire-dørs Impreza mtp. drivakslingar, og oppheng, så rekna nesten med det skal vere likt, til trass for karosseriforskjellen. Men som sagt, eg trur.
  13. Kan du fortelje meir om kva bil dette er? :) Det kan gjere ting litt lettare for dei bilkyndige her, å hjelpe deg. :)
  14. Vanleg Celica er framhjulstrekkjar, men turboversjonen (GT-4) har firhjulstrekk.
  15. Nokon som har interesse av å melde bilen sin til disposisjon til fotografen? Då har du anleiinga her. Alt anna held vi no stilt om. :)
  16. Velkomen til forumet! :) Vennligst plasser tråden på riktig underforum herefter. Takk! :)
  17. No har det seg slik at eg har fått meg ein android-mobil, og eg har endleg klart å laste ned lommelykt. Føler meg som ein verdsmeister no, og vil ha nokon bilrelaterte apper til mobilen. Kva er det folk her har på mobilane sine, og kva funksjonar har desse? Alle tips vert teken imot med takk. :)
  18. At firhjulstrekken forsvann - går ut frå atdu kun har framhjulstrekk no - kan det vere at eit kryss eller aksing er gåt tfyken, evt. ein av diffane. Elles vil eg i grunn berre vidareføre deg til Imprezadriver (IDCN), forumet sit på utruleg mykje bra informasjon, og er kanskje litt meir tilgjengelige derenn her. :)
  19. I rekkjefølgje frå eg fekk dei: '96 Nissan Primera 1,6 SRi - solgt '94 Mitsubishi Galant 2,0 GLSi turbo - solgt '91 Toyota Celica GT-4 - solgt '91 Nissan 200SX S13 1,8 turbo, lettare trimma - solgt '92 Mitsubishi 3000 GTO VR-4, 3,0 V6 twinturbo - solgt '95 Subaru Legacy 2.0 (i mitt eige, er til sals) '01 Subaru Impreza WRX (i mitt eige)
  20. Per dags dato er det 13 treff på dine krav på finn.no, men blant anna med ein Accent, Supra, og MR2. Søk og finn. :)
  21. Kan du forklare meir kva ynskjer/krav/behov du har? Du skal ha ein litt småtøff bil, sidan du vel ein 2-dørs bil. Kor mykje skal du bruke på den? Kor mykje motorkraft skal du ha i den? Kan du utdjupe, ein ganske god smule meir?
  22. Eit prosjekt om sugetrim er ikkje filla verdt utan video. SÅ DET SÅ. Så få i gong kameraet så vi får høyre. Desse motorane på høgt turtal er ein symfoni å høyre på. :)
  23. Begynner å kome seg, manglar berre skveittlappar no, så er den fullverdig vinterkledd. Etter nyttår vert det nye felgjar og senk, i form av nye demparar, fjærer, skåler, som skal tene for sumaren. :)
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår