Gå til innhold

Papi.

Moderator
  • Innholdsteller

    549
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Papi.

  1. Du arbeid i barnehagen, er det vikariat, eller er det fast? Har du arbeidd der, og i liknande arbeid med born lengje?
  2. Hehe, om du er i sandkassa, kan eg tenkje meg det går meir enn nok tid til pussing av andre, mekaniske deler og objekter. Den sanden treng seriøst inn overalt gitt, ingen tvil om det. Håpar det vart ein god feiring for deg også. Ikkje få for mykje sand nedi rørleggjarspreikkja, elles kan det hende du sit på skåla og det plutsleg er eit eksotisk dyr nedi der. God jul og så bortetter!
  3. haha, vår alles kjære, nesten meir kjent enn sharif-utlending, klarar nok det meste! Eg sit her og humra godt for meg sjølv, god jul, Robert! ...og sjølvsagt til alle andre her på forumet, eg reknar med denne tråden vert mykje meir sett, og underhaldande enn god jul-tråden her... humre-humre...
  4. Like herleg, kvar ein einaste jul filmen går. Kjekt å sjå at du framleis er i live, Reodor!
  5. Håpar det vert longt meir bil i denne filmen enn det som syner på traileren, ja. Er trist om dette skal bli eit konsept som går over frå å omhandle bil, til å bli ein primær action-film med innslag av bilar eingong i blant. Men på den andre sida, hey, action + bilar.. Kult.
  6. Ei veninne av meg, fekk oppgåva her ein dag i samband med skule, beskjed om å skrive hennar tolking av setninga "Menn og deira interesse for bil". Ho har ikkje vanvittig store interessa for bil, men ho er med når det passar seg, og snappar opp eindel ting i forbifarta, kikar ofte på bilane, og spør gjerne meir teikniske spørsmål om desse. Ho fekk rådet om å ikkje bli for fagfokusert, og måtte dermed halde det ganske overfladisk. Eg var nyfiken, og fekk tilsendt teksten på mail, og eg måtte le godt for meg sjølv. Dette er ikkje meint som noko for å verken disse, eller opphøye,eg ynskjer berre å dele denne unge kvinnas syn på "Menn og deira interesse for bil", og la folk forhåpentligvis få ein liten god flir, og gjerne få mannfolka til å tenkje litt ekstra på deira kvinnelige kjære, når dei har lese dette. Eg tenkte meg iallefall litt om, men eg flirer endå.:roll: Dette var då den grove versjonen, på hennar vegne beklagar eg for skrivefeil. Nei, eg skrur, sa mannen Ein ting eg lurer på, kva var mannfolka interesserte i før i tida? Før bilane ekstisterte meinar eg. Var dei interesserte i å ha den finaste og raskaste hestevogna? Var dei ute om kvelden, køyrte rundt i bygda og viste fram dei nye tøyane eller dei eksklusive trehjula? Det kan eg ikkje tenkje meg. Så kvar kom mannfolka si store interesse for framkomstmiddel frå? Eg anar ikkje. Gatene er fulle av raude, blå, svarte og lilla, Audi, Mercedes og BMW, spoilerar, sideskjørt og sota ruter. Alt under 400 hestekrefter er bestemorbil, den som er meir enn éin centimeter over bakken er totalt ute, og har ein ikkje Twinturbo vil ingen vere med deg å cruise rundt om kvelden, langt mindre på dagtid. Har du ein kjæreste som er bilinteressert, køyreentusiast, autofil, ja, det finst nok mange diagnosar for den same sjukdomen, så veit du korleis laurdagskveldane er. Du sit aleine i sofaen og ser på Frustrerte Fruer mens han er ute i garasjen og skrur på bilen sin slik som han pleiar. Og då er du berre heldig, for dei fleste har ikkje berre ein bil, men opptil fleire. Og då kan du tenke deg at det ikkje berre tek laurdagskveldane. Det som verre er, er at ferieturane våre går til Gatebiltreff, bilfestivalar og til den store bilbana i Tyskland. Eg huskar ikkje kva den heiter, sjølv om eg har vore der nesten ti gongar. Kor tid skal vi ta oss en tur til New York og handle til krampa tar oss? Sjølv om eg alltid reiser på shopping i Paris når eg har vore på bilbana i Tyskland med han ei lita stund. Det er nok derfor han gir meg så mykje pengar, slik at eg i det heile tatt blir med. Og så var det alle pengane han kastar ut vindauget berre fordi han treng eit nytt ”bodykit” til den allereie fine bilen sin. Er det ikkje kult med stasjonsvogn lenger? Nei, kva veit vel eg? Det einaste eg verkeleg bryr meg om er Gucci, D&G, Dior, Ralph Lauren og Lacoste. Det er jo kleder, sko og smykke som teller, kvifor kan ikkje mannfolka forstå at det gjelder å ta seg godt ut blant folk? Mannen min klagar over at eg brukar mykje pengar på unødvendige ting som eg aldri brukar. Eg brukar faktisk ikkje så mykje pengar. Berre lønna mi, pluss litt av han si, slik at han ikkje skal bruke alt på bilane sine. Det er ikkje sunt for folk å bruke så mykje pengar på interessene sine. Ein må tenke på framtida, framtidig familie og slikt. At mine barn skal ha ei eksklusive garderobe og bli kulast i klassen. Det er viktig å førebygge mobbing. Det er eit stort samfunnsproblem, og det er berre vi kvinner som tar fatt i det, mens mannfolka ligg under bilen eller er ute å viser den fram. Men det som enda verre er, er disse som køyrer på småjenter. Småripsa er meir enn gjerne villige til å sitte på i ein kul bil, bryte fartsgrensene og køyre på feil side av vegen. Sjåførane køyrer også meir enn gjerne på disse jentene, spesielt til og frå fest. Er han heldig får han kanskje betaling for køyringa. :roll: Så, eg skjønnar verkeleg ikkje kva det er som gjer menn så forferdeleg interesserte i desse transportmidla. Dei brukar tusenvis av kroner på å gjer den fin, og så køyrer dei ut, by eller bygd, berre der er folk og asfaltert veg. For så å køyre så fort og grisete som mogleg, for å imponere jenter som er under den seksuelle lågalder? Dei har jo ikkje greie på kva som er kult ein gong. Det MÅ ikkje vere ein BMW. Kvifor ikkje ein Mitsubishi 3000 gto med twinturbo og 450 hk? Tredørs med svær spoiler, sota ruter, og senka slik at den akkurat kjem seg over fartsdumpane? Det er jo det som er kult..
  7. Gler meg svært. Tykte firaren skuffa, så håpar denne vert betre.
  8. Biltema og Bilxtra har kanskje noko også, men skal ein kjøpe frå nett, vil eg veldig anbefaleDioder.no Om stemningsljos vert laga på ein pen måte, så ser eg personleg ikkje noko problem i å lage det til. Gjer du? :)
  9. Vanvittig bedritne bileter av stasjonsvogna, men med crappy telefon, så hender dette. I begge bilane vart det brukt 30 cm dioderøyr i golva, og i dørkoppane på Galanten, vart det brukt 3mm raude enkelt-dioder, samt 3mm stålrammer. Fryktleg enkelt å lage til å grunn, finne straum, lage enkel tilgong til sikring, forlengje kabel, bore hol til råmer, leidningar og av/på-knapp. Alt kjøpt hos Dioder.no.
  10. Har veldig sansen for prosjekta dine! Desse sedanane er utruleg stilige, skal veldig lite til før dei blir ordentlig tøffe! Stå på! Og PØS PÅ med bileter!
  11. VEit om ein som har xenon i ryggeljosa sine, ein Impreza, og det fjunka fjell. Om det var dette kitet veit eg ikkje, men i bilen hans, har han brukt H1-kit.
  12. Køyring på islagt vatn, artikkel av arbeidstilsynet. Her var faktisk mykje god info om emnet, ein bekjent av meg som fann fram denne.
  13. No er det sesong for iskøyring att, og i høve til dette, tenkte eg på tryggleiken ein bør utøve. Er det nokon som har konkrete formlar og verdiar å kome med i høve til dette? Vi hadde ein liten diskusjon om emnet no for litt sidan, der eg sjølv vart i tvil om det eg sjølv har gått ut frå over fleire år. Kor mange centimeter bør isen ver før det vert trygt å herje på? Og ut frå tjuknapå isen over eit gitt område, korleis kan ein rekne ut kor mykje isen kan bere?
  14. Dei skal i hovudsak kun sjekke den aktuelle mangelen, men er ingen som kan nekte dei å gå over heile bilen, om dei mistenkjer noko utover det vanlige. Eg hadde eine bilen min inne hos teknisk grunna mistanke om uoriginal eksos, og dette endte med at dei gjekk over motor og understell i tillegg. Eg fekk godkjent eksosen, og elles var alt på stell. Om du bestiller time, bestill så nært oppmot slutten av arbeidsdagen som råd er. Om ting er tidkrevjande, gidd kontrollørane vanlegvis ikkje sjekke meir enn naudsynt, for å rekkje heimatt.
  15. Tykte det var ein trivleg film eg :) Ikkje mykje action og slikt, men i botn og grotn, ein trivleg sykkelfilm. Driv du noko med terrengsykling, slike ting? Kva kamera har du brukt forøvrig?
  16. Har kome inn på tanken, å sende bilen min til Polen, for å få den oppattlakkert, samt få interiørdetaljer oppattrekkja, etter mine ynskjer. Men eg veit ikkje korleis dette føregår, kven som er å anbefale, etc. Er det nokon her som har gjort dette med sine bilar, og kan forklare framgongsmåte, anbefalte sjapper som driv med dette, etc?
  17. http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=25590900
  18. Har begynt å sjå meg om etter eit greitt sporingssystem til bilen min, som eg også kan bruke når eg sjølv går til fjells på lengre turar. Er det nokon som har erfaringar med dette, evt. har forslag til andre alternativ eg også kan sjekke ut?
  19. http://www.bilforumet.no/biler-salgs/261932-vs-2-x-legacy-2-2-stv-8000-kr-skinnint-6000-kr-tot-14-000-a.html
  20. Jeg er litt nysgjerrig på ein bil som står i Revetal, Vestfold. Er det noen, som mot en liten økonomisk kompenasjon, kan sjekke denne bilen for meg? Jeg bor på det glade Vestland, og har ikke anledning til å se denne selv. Vil helst at noen som har erfaring med å skru bil, og har litt bakgrunn i bilskruing/mekaniker-yrket skal gjøre dette. Vennligst PM meg for detaljer.
  21. Komplett, og heilt skinn-interiør (framseter, baksete, og bakseterygg, samt fire dørtrekk) i grått kan følgje med i prisen for eit tillegg på 6 000 kroner. Då får du to bilar, og eit sett med skinn-interiør for 14.000 NOK.
  22. Kor lengje de tenkjer å ver på Ringen? Kva utlegg har de planar om å leggje ut for sjølve turen, og utgifter i samband med dette?
  23. På den svarte er girkassa fucked, så eg har kun drift på framhjula. Der er det også eindel rust på bilen, bakluka må skiftast, og bakfangar har fått ein god kakk, som må skiftast. Skifta til nye bremseklossar framme, bilen har ac. Motoren i den svarte har blitt skifta, til ein som har gått i overkant av 200k, fekk eg beskjed om med førre eigar. Elles går ikkje radiator-vifta, garliden her på forumet, meinte det var snakk om at termostaten ikkje fungerte slik den skulle. Svært rustbefengt. Kvitebilen har eindel mindre rust, men eindel småbulkar, og antydingar til start på rust. Det lekk også gjennom taket, så eigaren før eg kjøpte den med, har pøta silikon rundt kantane. Motoren i denne bilen har gått rundt 220k, men her er toppakningane gåene, samt at det må skiftast registerreim og clutch. Låsen på dørene her er ikkje heilt gode heller. Planen var å ta motor ut av svartebilen, hive på den nye brukte clutchen som eg kjøpte med garlid, og hive den inn i kvitebilen, og ta dørene frå svartebilen, over i kvitebilen. Deretter prøve å fikse lekkasjen, og ha kvitebilen som bruksbil. Svartebilen var ikkje tenkt å bli omregistrert, berre avskilta, og deretter vraka når eg har fått dei delene eg ville ha, over på kvitebilen. Dører og slike ting klarar eg å ta sjølv, men motor klarar eg ikkje sjølv. Garlid driv med dette as we speak. Ynskjer å bli kvitt desse bilane ASAP. Begge bilane står i Stryn kommune. Spørsmål kan rettast hit eller på mobilnummer, ni-null-ni-fem-fem-fem-åtte-tre.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår