Gå til innhold

Papi.

Moderator
  • Innholdsteller

    549
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Papi.

  1. Kjøpte ein svart (92-modell) ein no nyleg, for 12.000,-, med motor som har gått i overkant av 200k, og karosseriet har gått snart 400k. Eindel rust her og der, liten lekkasje rundt takluka mest sannsynleg, gåen girkasse, mykje rust. Kjøpte så ein kvit (91-modell), for 3.000,-, med motor som må skiftast clutch, og registerreim på, og med gåene toppakningar. Karosseriet har gått rundt 220k. Mindre rust, eindel meir lekkasje, og ein del banglar og bunglar her og der. motor frå svarte bilen skal etterkvart over i denne, men har ikkje blitt gjort endå. Meininga var å ha det som bruksbil, men no har eg fått tilbod om ein annan bil som eg har _veldig_ lyst på, og må difor frigjere noko kapital. Kjøpte desse to bilane for totalt 15.000,-, eg vil behalde dørtrekka og skinnsetene i den svarte, og skinn-interiør fekk eg beskjed om kom på rundt 5k.Då er vi nede i 10k, so eg kunne tenkt meg 8.000 kroner for desse to bilane. Nokon som er interessert? Spørsmål kan takast her i tråden. Bileter kan skaffast på forespurnad.
  2. Jeg har til nå bare brukt CD Cardic-filmen som er å bli kjøpt hos BilXtra, men synes den er noe knudrete, regelrett vanskelig å arbeide med, og faktisk få fin. Er det en annen film som er anbefalt for "hobbytoning"? Som jeg kan kjøpe over nettet for eksempel?
  3. *I beste Facebook-stil* *LIKER* ___ Tykkjer denne tråden har falle frå såpass mykje at det ikkje er så veldig mykje meir å ta alvorleg i denne tråden.. Alt til sitt bruk, ingen vert samde uansett.. :)
  4. Ein har ikkje hatt det morosamt før ein har sladda sidlengs med ein Leopard. <3 Sidebelte-trekk <3
  5. Jostein Bergset som har teke bileta. S13'n er gamlebilen min, som no er eigd av ein kompis av meg, som bur i Ålesund.
  6. Berre møt opp, og gjer det beste ut av det, du er _ikkje_ tent med å la ver å møte opp. Jobben misser du ikkje, så det er så greitt, så berre prøv å ha det kjekt medan du er inne. Du får ikkje meir moro enn den du lagar sjølv, og innanfor "barnehagen", er det faktisk mykje moro, om du er imøtekomande og iallefall PRØVAR å ver positiv. Det er ein opplevelse dette også, sjølv om eg har full forståing for dette med jobb. :) Anbefalinga mi er at du møter opp, og prøvar etter gjeldande reglar å kome deg ut, og om det ikkje går, vel, gjer det beste ut av det. Har sett nok av ungdomar som har slite seg gjennom fyrstegongstenesta, og er tydleg at dei som kjem raskast og best utav det, er dei som prøvar å gjer ting så positivt som råd er. :)
  7. Kvifor er RS4 eit betre alternativ? :) Er vel i hovudsak snakk om ein smakssak, er det ikkje det? :)
  8. Vel, trur det har meir med at folk kanskje dreg den litt for hardt ut. Ein kompis har teke livet av mellomakslingen min, men det var fordi krysset hadde "gravd seg fast", og var i fremste krysset, som går inn i overføringskassa som klikka. Var ganske heldig, hadde bilen "berre" i åtti, men det var under press, ja. Er ingen problem å lage smultringar med 3000GT om ein vil, men eg har ikkje vågd å gjer det med min, vil ikkje utsetje den for slikt press som det. Bilen veg trass alt rundt 1700 kilo, så den er eit tungt dråg å drage. :)
  9. R35? Mitsubishi 3000GT VR-4 er kanskje eit alternativ? Senk, felgar, ein liten smule oppjazzing av motor, så har ein faktisk ein vanvittig morosam bil. Men skal dog seiast at den faktisk har mykje potensiale til å bli betre også... Heh. Elles, skal du ha deg ein sportsbil som du tek ut berre eingong i blant, er jo Ferrari og Porsche morosame bilar:)
  10. Haha, på tide, håpar det vert noko meir sprell no her etterkvart! Velkomen attende!
  11. Kjøpte felger hos BS Bildeler, men disse passet ikke til bilen, så derfor selger jeg dem igjen. Tok ut den ene, og prøvde den på bilen,de andre er ikke opnet enda engang. Mobilen på bildet er en SE Xperia-ting. Jeg selger dem for 8000 kroner + frakt, vil bare ha dem vekk så snart som råd er. Infoen ser du på bildet med lappen. Felgene er i Stryn kommune. Kan ta kontakt på 909 55 583 ved interesse.
  12. Haha, den der var TØFF! GLedar meg til å sjå framgongen!
  13. Har du bilete av bilen? Nyfiken på kva for ein det er..
  14. Overhodet ingenting gale i å spørje. Kunnskap og lærdom får ein gjennom prøving, feiling, og ein heil haug med spørsmål. :)
  15. For at målarane skal passe overeins med resten av interiør-belysninga, vil eg ha oransje ljos. Er det nokon som veit kvar eg kan få tak i dette? RAudt, kvitt og blått går att, men som sagt, eg ynskjer oransje.
  16. Hiv på tusenmeterar, ekstra radioantenne, sot litt ruter, og skrem nokre ungdomar. :)
  17. Har nokon lyst å køyre denne bilen til Vestlandet for meg? Utruleg flott bil.. Argh
  18. HAHA, no lo eg! Var førebudd på ein ordentlig syklist vs. bilist-diskusjon no, glad det endte med det der! :D
  19. Ynskjer å kjøpe ein bil som bruksbil gjennom vinteren. Kriterier er som følgjer: - 5-15.000 - 4x4 - 4 dører - ikkje for mykje tull, nokre småfeil er ok, men ikkje store greier Har du nokon råd/forslag, eller noko til salgs?
  20. Adivass, supert innlegg, kjenner meg godt att i innlegget ditt, til trass for at eg er nokre år eldre enn deg. Eg føler framleis at eg er i ein konstant læringsprosess, eg lærer for kvar kilometer eg køyrer. Er faktisk samd i alt det du skriv.
  21. Det blir bra om ein gjer det ordentlig, men mykje lettare å få riper og strek i lakken, enn med ordentlig film. Men om du verkleg vil gjer det, så er det ingen problem å få lakkerarar til å gjer det for deg.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår