Gå til innhold

Papi.

Moderator
  • Innholdsteller

    549
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Papi.

  1. Nokre kollegaer diskuterar moglegheita for å mekke til soltak på nokre av dei bilane som blir disponerte, men dette er ikkje noko nokon av oss har gjort før. Vi har sett oss ut... 1. At plata sit "fast" i front, og kan løftast opp bak, og låsast i forskjellige stillingar. 2. At plata er "integrert" i taket, og blir mekanisk drive bakover i sjølve taket. 3. At plata løftar seg opp, og legg seg bakover og legg seg oppå taket. Aller helst vil eg ha det elekro-mekanisk, men det er ingen katastrofe om taket må sveivast tilbake, eller dytta tilbake. Skøytene må sjølvsagt vere vasstette. Dette skal fyrst og fremst prøvast på ein Renault Mégane Classic, som eit prøveprosjekt. Formålet med taket er at ein skal kunne stå ut av taket, til dømes to i breidda, med "adgong" frå både passasjer-setet framme, og bakseta. Set pris på all mogleg hjelp vi kan få til dette. Er framleis berre ein tanke, men forhåpentligvis blir dette realitet.
  2. Har dette blitt prøvd ut? I så fall, nokon som er villeg til å kome med erfaringar?
  3. Framre skjerm på far sin bil har fått ein bulk, og leitar då etter ein ny ein. Kvar kan desse skaffast, aller helst i Noreg? (webshops)
  4. Ser ikkje noko gale i dette eg. Er halvt asiatisk, og har sett mange slik modifikasjonar på bilane der. Tingen er vel berre kulturforskjellar? Det europearar ser på som spennande, artig, rått, treng vel ikkje til dømes asiatar å sjå på som spennande, artig og rått? Sjølvsagt finst det unntak, men det er jo nokre som likar det annleis. Nokon likar mora, andre liker systra. Og andre att vil berre ha ei ny ei å leike seg med. Disclaimer: sei ikkje at eg likar alt som er der, men som sagt, smak og behag.
  5. Hestekrefter. Kva fuglane er det? Kva som utgjer antalet hestekrefter? Finst det nokon måte å auke antal hestekrefter på? (tenkjer då særskilt på Renault Megane Classic)
  6. Hovudsakleg meint til VIP-teneste, med god motorkraft for E&E, funksjonen skal enkelt og greitt vere å kunne ta imot ein intro-offensiv, for dermed å E&E. Det er ikkje aktuelt å begynne å avfyre eld frå ein slik bil, denne bilens funksjon er å beskytte ein/fleire klientar, koste kva det koste vil. Eskortane vil ta seg av yttarligare truslar. Ein slik bil vil vere eit sabla dyrt prosjekt, nokre kollegaer av meg fekk ein bil pansra for denne typen arbeid, men vart ikkje brukt noko særleg, då dei ikkje hadde behov for bilens eigenskapar. Dette var også då fire år tilbake, og lurte på om det er kome noko nytt på denne fronten. Den bilen, ein SubUrban av eit eller anna slag, var pansra til å tåle eld opp til 7.62 NATO-ammunisjon. Bilen vart til slutt sabla tung, noko som gjekk tungt utover bilens køyreeigenskapar og manøvrerbarheit, men som sagt, denne vart ikkje brukt til mykje meir anna enn show. Forøvrig, takk for god informasjon. Er litt artig å diskutere ting utanfor den vanlege boksen også.
  7. ... Etter å ha tenkt meg litt om, tvilar eg sterkt på at det er nokon andre enn særskilt interesserte som faktisk har noko kunnskap rundt dette emnet, og eg har mine tvil om at det er nokre av medlemmane her har.
  8. Var dumt av meg å spørje om dette. Moderatorar, vennligst lås, evt. fjern tråden.
  9. Nokon her som har erfaring med pansring av bil? Dei som har, kva erfaring har de med bilar som har blitt pansra, og dermed kome i ein ulukke-situasjon? Har pansringa heldt? Kva grad av pansring har vore brukt, og kva bilar? Takk.
  10. Gjengen her brukte tidlegare Cobra MT-serien, med diverse tilbehøyr, strupemikrofon, slike greier, men det var fordi vi var avhengige av å kunne gå ut av bilen også, samstundes som vi hadde samband med dei andre i dei forskjellige vakt-laga. Desse har ein rekkjevidde på tre kilometer, den effektive kan ein vel berekne til å vere mellom halvannan og to. Om vi var lengre frå kvarandre, for å køyre folk vekk, brukte vi telefonar. Ikkje akkurat det du er ute etter tenkjer eg, men veit iallefall at Cobra MT-serien funka flott til vårt bruk. Og vi slapp å kjøpe våre eigne, desse som vi fekk til disposisjon funka flott. Men, som sagt, til vårt bruk.
  11. Kor mykje vart dette gjort for? Heillakkering av heile greia? Og kor mykje vil det koste å få nokre delar, som front- og bak-fangar, lepper? Elles pent arbeid Stine, jentene uti Vik er populære nok som det er, men du set ein ny takhøgde med lakkeringa di.
  12. BS-Bildeler veit eg har noko også... Er sugen på å style opp fronten på Classicen min iallefall, men er så mange nye ord, og termar eg må lære meg. Makan. Men takk skal du verkleg ha, hjalp verkleg på!
  13. Tykkjer det eg også, dialekt-/"sms"-språk begynner eg å bli mektig lei. Fleire andre norske forum eg er ein del av har den strikte regelen om å kun skrive ei av dei norske målformene, eller på engelsk. Har faktisk ikkje sett gjennom policyer og slikt her på forumet endå, men får vel ta til med det også. Hald det til nynorsk/bokmål eller engelsk for dei som ikkje har heilt habile norsk-kunnskapar.
  14. Kjøpte meg netopp ein Renault Megane, med kasett- og radiospelar. Vil sjølvsagt ha ein cd-spelar i den. Kva moglegheiter er det å skaffe på nett, til ein billeg penge? Dette skal vere så simpelt og enkelt som mogleg, som eg kan bruke i ein Renault Megane, eg skal IKKJE ha noko rullande stereoanlegg. EDIT: Tenkte på noko i ettertid, hadde vore greitt med ein AUX-port, til å koble til MP3-spelarar/-mobilar. Er det mogleg å få greie cd-spelarar med eit slikt uttak? Har vore innom tanken med FM-sendar, men har heller dårlege erfaringar derfrå.
  15. Lurer på om det eksisterar, eller om det er nokre andre greier, som "catkiller" (ikkje mitt ord, kollegaene mine sitt), og andre greier som kan brukast på Meganen min? Eg er heilt fersk innanfor bil, og dette miljøet elles, denne Renaulten er min fyrste eigne bil. Finst det styling-sett/-delar til den, eller er det mogleg å krysse delar med ein annan? Einaste eg har peiling på er bruk av skytevåpen, og då med longdistanserifler, så er litt veldig ny med dette. Hadde sett pris på hjelp til ein fersking innan bil... Sanne derre derre bil-ting.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår