Gå til innhold

OlavE

Bruker
  • Innholdsteller

    62
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av OlavE

  1. Vår kjære Mazda 626 stasjonsvogn står for tida godt planta i oppkøyrsla med røke registerreim, og truleg alt av dritt som følgjer med det. Motor må reparerast eller byttast. Eg veit ikkje kor gale det er, då ingen med kunnskap har sett på han, så vi må gå ut frå vørst kæis senario. Bilen i seg sjølv er altså ein 2001-modell, sølvgrå. I god stand, gått ca. 170 000. Lite / ingen skade, nesten som ny innvendig. Står no på eitt år gamle vinterdekk, slitte somardekk følgjer med. Potensial for ein svært god bil for ein som kan fikse eller bytte motor. 10 000,- For meir info, ta kontakt her, eller på tlf 957 92 646.
  2. Tja... Eg har ikkje finlese heile forskriften, men eg kan ikkje sjå noko om det der det i så fall ville vore naturleg at det skulle stå. Eller, naturleg og naturleg, det er sjeldan slike detaljbestemmingar som dette blir brukt i lovverket i det heile. Link til skiltforskriften, i tilfelle nokon ser noko eg ikkje ser: http://lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?doc=/app/gratis/www/docroot/for/sf/sd/sd-20051007-1219.html&emne=skiltforskrift*&
  3. Når det gjeld lydnivå, er dekkstøy av bilar som susar forbi i 80 vel så ille / verre enn bilar som køyrer i 40, og så aksellererar når dei har passert huset. Har budd 30 meter frå E16 i 3 år, så det veit eg litt om. Når det gjeld fartsgrense, er det ikkje vanskeleg å argumentere for at dette er "tettbygd strok" / gardstun, og at det difor er 50. Det er heller ikkje noko problem å argumentere for at det ikkje er tettbygd strok, og 80. Det er nok difor skilta har kome opp i utgangspunktet. Når det gjeld kor mykje fartsgrensa kan bli sett ned i eitt jafs, finst det ikkje noko lovverk om det. Det som evt. finst, er interne reglar som vegvesenet / vegmyndigheitene forheld seg til. Det er nok her desse 20km/t er nemnte. Desse har likevel ingen juridisk verknad, og eit 40-skilt er gjeldande anten fartsgrensa i utgangspunktet var 60, 80 eller 140...
  4. Delkasko dekkjer vel ikkje skader på eige køyrety (utanom glas og eit par småting)? Eg ville iallefall meldt forholdet til politiet.
  5. Gjer som du har planlagt, ring IF og forklar situasjonen. Det spelar ingen rolle for dei om bilen har gått 200000 eller 300000, det som er interessant for dei er kor langt bilen går i året. Du har openbart gjeve dei for låg km-stand i utgangspunktet, det er eit hendeleg uhell. Forsikringsfolk er stort sett greie å snakke med, om ein ikkje startar samtala med "forbanna forsikringssvin" :) .
  6. Du får stort sett spørsmål om det er andre enn forsikringstakar som skal køyre bilen. Her kryssar du "Ja", og så er det ikkje noko problem. Prisforskjellen på dette punktet er liten, såvidt eg har fått med meg (du kan spørje forsikringsselskapet).
  7. Eg ville kontakta Forbrukerrådet og bede om råd i saka. http://www.forbrukerrådet.no
  8. Du får ikkje bot for å stå utan sele, då det naturleg nok ikkje er montert sele for ståande. Som tommy seier skal det stå over frontruta kor mange registrerte ståplassar det er i bussen, og det kan gjerne vere 30 - 40 plassar. Sjekk tavla, er det openbart fleire folk enn tillate, er det då berre å tipse politiet om at dette er noko som skjer kvar dag, og at dei gjerne kan ta seg ein tur ein dag det er roleg :) .
  9. Eg er einig med Rsele. Eg ville heller ikkje vore imponert om eg hadde kjøpt ein bil utan mangellapp (kontraktfesta), og fekk beskjed om at det er mangellapp. Det er ikkje kjøpar sitt problem om det er rett eller feil. Eg ville derimot svingt innom SVV i Kristiansand når eg var nede og henta bilen, og smelt knyttneven rimeleg hardt i bordet! Det blir nok vanskeleg å få noko økonomisk kompensasjon, men dei skulle iallefall fått visst kva det hadde kosta meg, og ordna opp i problemet ein gong for alle.
  10. Det som er så fint med skademelding, er at de slepp å ta stilling til skuld. De fyller ut skadeskjemaet med dei faktiske hendingane, så er det forsikringsselskapa som tek seg av "kranglinga".
  11. Ja, om ein ikkje har noko problem med forsikringssvindel, er jo sjølvsagt det ein kjempeide. Så spørs det berre kor mange som heiter Steinar og er fødd i 59 som melder frå om ein slik skade hos forsikringsselskapet i Kongsvinger akkurat denne veka, og om han klarar å gøyme seg i mengda... Men uansett, sånn eg forstår det er det bilen som vart påkøyrd som har lidd mest skade? Den vil jo uansett bli dekka av den andre bilen sin ansvarsforsikring. Det blir vel gjerne bonustap på den eine bilen, er kanskje lurt å rekne over kva som kostar mest, reparere skaden sjølv eller betale noko høgare forsikring (treng ikkje bli mange kronene dyrare om du berre har ansvarsforsikring).
  12. Trur ikkje du skal hengje deg opp i det gang- og sykkelveg-skiltet du nemner fleire gongar. Det gjeld nok den vegstubben som går bak busskuret og fram til vegen de fann dykk på, og ikkje vidare bortover. I prinsippet har syklisten skuld, uansett korleis ein tolkar dette. Om ein tolkar gang- og sykkelstien som "hovudvegen" vidare frå der syklisten kom, kom du frå høgre, og han har vikeplikt. Om vi ikkje reknar gang- og sykkelstien som veg, skulle syklisten svinge til venstre og av vegen / krysse ditt køyrefelt, og han har vikeplikt. Men no er det eingong slik at mjuke trafikkantar har eit særskild vern, og når det først har skjedd eit uhell, er det svært sjeldan den mjuke trafikkanten får noko skuld, sjølv om vedkomande har brutt regelverket. Du kan nok difor ikkje rekne med å få noko av skadene på din bil dekka. Når det er sagt, ville iallefall eg stilt meg negativ til å skulle erstatte hans sykkel, og noko regress og rulleblad treng du ikkje frykte. Til sjuande og sist verkar det som at både du og syklisten er vaksne, fornuftige menneske som har sett at dette var eit hendeleg uhell, og ikkje ser noko poeng i å slenge dritt og politi etter kvarandre. Det er nok det beste :) .
  13. Stemmer. Så må du til slutt sjekke tillate vogntogvekt (står i vognkortet på bilen). Denne er stort sett lågare enn om du berre legg saman tillate totalvekt på bil og på hengjar kvar for seg. 3500kg er eit heilt uinteressant tal så lenge du har BE. Det vil seie, du kan sjølvsagt ikkje køyre bil som har tillate totalvekt over 3500kg, men ut over det kan du køyre det som er tillate på bilen, uavhengig av om bil + hengjar veg meir enn 3500kg.
  14. Og der har vi eitt poeng til: Låsane på desse bilane har ofte teke natta. Då er redninga som JChE seier at dei har fjernstyrt sentrallås. Ulempa er når batteriet på anten fjernkontrollen eller bilen er flatt. Obsobs...
  15. Fjørene framme har eg òg blitt fortald at er eit utsatt punkt på desse, då min eine vart konstatert knekt her i vinter. Min går òg på 0,6l/mil, opp mot 0,7 no, når eg køyrer 70% av tida med tung hengjar. Bra, spør du meg! Når det gjeld vinterføre er det alltid dekka som er avgjerande, men Partneren er ikkje verre enn andre bilar.
  16. Rart. Min bil (som kun har gått 280 000 (no 290 000), ikkje 380 000 som eg skraut på han i førre innlegg) står fint to veker i 15 minus, og startar like fint på første sveiv på startaren etter gløding. Kan det vere andre grunnar til ujamn gange i starten?
  17. Om det står i vognkortet til bilen i spørsmålet at den kan trekkje ein hengjar på 1200kg, og eigenvekta på bilen står i vognkortet som over 1200kg, kan du trekkje ein hengjar med maks tillate totalvekt 1200kg med førarkort klasse B. DET står heilt klart på vegvesenet sine sider / i regelverket. Kva meinte køyrelæraren var rett svar?
  18. Det var vel slik før, men den regelen er nok fjerna. Det er likevel ikkje anbefalt (men det hjelper jo ikkje reint juridisk).
  19. Den store fordelen med å kjøpe brukt hos forhandlar. Vi har òg positive erfaringar med dette, hos Mazda i Haugesund ;) .
  20. Mange bruktbilforhandlarar opererer med eit par månaders bruktbilgaranti. Om det er tilfellet her òg, skal det gå heilt smertefritt. Berre sving innom / ta ein telefon, så burde det gå av seg sjølv :) . Sentrallåsen bør dei òg fikse, med mindre denne feilen var spesifisert før kjøpet.
  21. No er det nok ikkje det om det er piggar i dekket eller ikkje som er avgjerande for korleis det er å køyre på. Gode piggfrie dekk er då mykje betre enn gamle slitte piggdekk. Det kan jo òg vere interessant at på tyngre bilar (over 3,5 tonn tillate totalvekt) er det lov med ulike dekk på ulike akslingar, det er t.d. heilt normalt å køyre med piggdekk framme og piggfritt bak på lastebilar. Ein ser få av desse på tvers rundt einkvar sving.
  22. :ahahahhaha: Då er eg med på kva du meiner, og du har sjølvsagt heilt rett. Skal ein inn i rundkøyringa, har ein vikeplikt for alle som er tidlegare i rundkøyringa, uansett kvar dei er. Eg misforsto og tolka det meir til at ein som legg seg i høgrefelt alltid vil ha vikeplikt for ein som legg seg i venstrefelt. Elles har du skrive eit godt innlegg, og som eg såvidt var inne på i mitt førre, brukar ein blinklys og viser hensyn, er det meste lov, så lenge ein ikkje tviheld på rettar ein ikkje har (eller har, for den saks skuld).
  23. Hmm. Det var då ein merkeleg tolking. Ligg ein innerst i rundkøyringa, må ein jo på eitt eller anna tidspunkt skifte felt for å kome seg ut att. Då har ein openbart vikeplikt. Elles er det jo eit viktig poeng du kjem med, at ei fleirfelts rundkøyring er ein forkøyrsveg som går rundt og rundt, og skal behandlast deretter. Ein står sjølvsagt fritt til å skifte felt i "hytt og pine" om ein ønskjer det, men ein vil alltid ha vikeplikt for dei som alt ligg i det feltet du skal inn i. Til sjuande og sist er vi då alle einige om at om ein brukar blinklys, skjønn og tolmod, så skulle det alltid vere mogleg å kome seg heilskinna gjennom ei rundkøyring :) .
  24. Den siste der er jo ein veldig typisk artikkel om denne problemstillinga, der dei tek den enkle utveg og lagar ein trearma rundkøyring der ein av armane faktisk går til venstre. Det er når det ikkje er tilfelle, og vi har ein arm til høgre, og ein rett fram, at problemet oppstår. Eg byggjer min påstand på "Forskrift om kjørende og gående trafikk (trafikkregler)." §5 og §6. Her står m.a.: "På kjørebane med to eller flere kjørefelt i kjøreretningen skal høyre felt nyttes når ikke trafikkreglene påbyr eller tillater bruk av felt til venstre." og "På kjørebane med to eller flere kjørefelt i kjøreretningen skal kjørende i god tid kjøre inn i feltet lengst til høyre ved svinging til høyre. Ved svinging til venstre skal kjørende i god tid kjøre inn i feltet lengst til venstre." I tillegg siterer eg frå vegvesen.no si forklaring på rundkøyringsproblema (http://www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Lover+og+regler/Trafikkregler/Kjoring+i+rundkjoringer): "Feltplassering Generelt:Plassering gir nyttig informasjon om hvor en skal. For feltplassering ved kjøring i rundkjøring gjelder i utgangspunktet reglene som i et vanlig vegkryss, dvs analogisk anvendelse av trafikkreglene § 6 og de føringer som ligger i trafikkreglene § 5 nr. 1. På kjørebane med to eller flere kjørefelt skal kjørende i god tid kjøre inn i feltet lengst til høyre ved utkjøring til høyre for midten av rundkjøringen. Skal man rett fram, velger man det felt som er hensiktsmessig, fortrinnsvis høyre. Skal man lenger enn midten av rundkjøringen, bør kjørende i god tid kjøre inn i feltet lengst til venstre. Selve utkjøringen av en rundkjøring skjer i realiteten, uansett hvor en foretar utkjøringen, ved at en foretar en høyresving ut av rundkjøringen. Ved feltskifte har den som skal skifte kjørefelt, vikeplikt. Det er ikke snakk om å anvende flettereglene i selve rundkjøringen. I rundkjøringer med flere felt er det kun feltskiftebestemmelsene som skal anvendes. Det at det eventuelt er én veg ut av rundkjøring med bare ett felt medfører derfor ingen fletting i rundkjøringen." OM ein då ligg i venstre felt, må ein skifte felt når ein skal ut av rundkøyringa. Det er som tidlegare diskutert sjølvsagt ikkje ulovleg, men ein har då, som Statens Vegvesen òg presiserer, vikeplikt for dei som alt ligg i høgrefeltet.
  25. Kva regelverk byggjer du påstanden din på?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår