Jump to content
Bilforumet.no

OlavE

Bruker
  • Content Count

    62
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

OlavE last won the day on December 10 2013

OlavE had the most liked content!

About OlavE

  • Rank
    Registrert bruker
  • Birthday 09/06/1988

Contact Methods

  • Bosted
    Noreg
  1. Vår kjære Mazda 626 stasjonsvogn står for tida godt planta i oppkøyrsla med røke registerreim, og truleg alt av dritt som følgjer med det. Motor må reparerast eller byttast. Eg veit ikkje kor gale det er, då ingen med kunnskap har sett på han, så vi må gå ut frå vørst kæis senario. Bilen i seg sjølv er altså ein 2001-modell, sølvgrå. I god stand, gått ca. 170 000. Lite / ingen skade, nesten som ny innvendig. Står no på eitt år gamle vinterdekk, slitte somardekk følgjer med. Potensial for ein svært god bil for ein som kan fikse eller bytte motor. 10 000,- For meir info, ta kontakt her, eller på tlf 957 92 646.
  2. Tja... Eg har ikkje finlese heile forskriften, men eg kan ikkje sjå noko om det der det i så fall ville vore naturleg at det skulle stå. Eller, naturleg og naturleg, det er sjeldan slike detaljbestemmingar som dette blir brukt i lovverket i det heile. Link til skiltforskriften, i tilfelle nokon ser noko eg ikkje ser: http://lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?doc=/app/gratis/www/docroot/for/sf/sd/sd-20051007-1219.html&emne=skiltforskrift*&
  3. Når det gjeld lydnivå, er dekkstøy av bilar som susar forbi i 80 vel så ille / verre enn bilar som køyrer i 40, og så aksellererar når dei har passert huset. Har budd 30 meter frå E16 i 3 år, så det veit eg litt om. Når det gjeld fartsgrense, er det ikkje vanskeleg å argumentere for at dette er "tettbygd strok" / gardstun, og at det difor er 50. Det er heller ikkje noko problem å argumentere for at det ikkje er tettbygd strok, og 80. Det er nok difor skilta har kome opp i utgangspunktet. Når det gjeld kor mykje fartsgrensa kan bli sett ned i eitt jafs, finst det ikkje noko lovverk om det. Det som evt. finst, er interne reglar som vegvesenet / vegmyndigheitene forheld seg til. Det er nok her desse 20km/t er nemnte. Desse har likevel ingen juridisk verknad, og eit 40-skilt er gjeldande anten fartsgrensa i utgangspunktet var 60, 80 eller 140...
  4. Delkasko dekkjer vel ikkje skader på eige køyrety (utanom glas og eit par småting)? Eg ville iallefall meldt forholdet til politiet.
  5. Gjer som du har planlagt, ring IF og forklar situasjonen. Det spelar ingen rolle for dei om bilen har gått 200000 eller 300000, det som er interessant for dei er kor langt bilen går i året. Du har openbart gjeve dei for låg km-stand i utgangspunktet, det er eit hendeleg uhell. Forsikringsfolk er stort sett greie å snakke med, om ein ikkje startar samtala med "forbanna forsikringssvin" :) .
  6. Du får stort sett spørsmål om det er andre enn forsikringstakar som skal køyre bilen. Her kryssar du "Ja", og så er det ikkje noko problem. Prisforskjellen på dette punktet er liten, såvidt eg har fått med meg (du kan spørje forsikringsselskapet).
  7. Eg ville kontakta Forbrukerrådet og bede om råd i saka. http://www.forbrukerrådet.no
  8. Du får ikkje bot for å stå utan sele, då det naturleg nok ikkje er montert sele for ståande. Som tommy seier skal det stå over frontruta kor mange registrerte ståplassar det er i bussen, og det kan gjerne vere 30 - 40 plassar. Sjekk tavla, er det openbart fleire folk enn tillate, er det då berre å tipse politiet om at dette er noko som skjer kvar dag, og at dei gjerne kan ta seg ein tur ein dag det er roleg :) .
  9. Eg er einig med Rsele. Eg ville heller ikkje vore imponert om eg hadde kjøpt ein bil utan mangellapp (kontraktfesta), og fekk beskjed om at det er mangellapp. Det er ikkje kjøpar sitt problem om det er rett eller feil. Eg ville derimot svingt innom SVV i Kristiansand når eg var nede og henta bilen, og smelt knyttneven rimeleg hardt i bordet! Det blir nok vanskeleg å få noko økonomisk kompensasjon, men dei skulle iallefall fått visst kva det hadde kosta meg, og ordna opp i problemet ein gong for alle.
  10. Det som er så fint med skademelding, er at de slepp å ta stilling til skuld. De fyller ut skadeskjemaet med dei faktiske hendingane, så er det forsikringsselskapa som tek seg av "kranglinga".
  11. Ja, om ein ikkje har noko problem med forsikringssvindel, er jo sjølvsagt det ein kjempeide. Så spørs det berre kor mange som heiter Steinar og er fødd i 59 som melder frå om ein slik skade hos forsikringsselskapet i Kongsvinger akkurat denne veka, og om han klarar å gøyme seg i mengda... Men uansett, sånn eg forstår det er det bilen som vart påkøyrd som har lidd mest skade? Den vil jo uansett bli dekka av den andre bilen sin ansvarsforsikring. Det blir vel gjerne bonustap på den eine bilen, er kanskje lurt å rekne over kva som kostar mest, reparere skaden sjølv eller betale noko høgare forsikring (treng ikkje bli mange kronene dyrare om du berre har ansvarsforsikring).
  12. Trur ikkje du skal hengje deg opp i det gang- og sykkelveg-skiltet du nemner fleire gongar. Det gjeld nok den vegstubben som går bak busskuret og fram til vegen de fann dykk på, og ikkje vidare bortover. I prinsippet har syklisten skuld, uansett korleis ein tolkar dette. Om ein tolkar gang- og sykkelstien som "hovudvegen" vidare frå der syklisten kom, kom du frå høgre, og han har vikeplikt. Om vi ikkje reknar gang- og sykkelstien som veg, skulle syklisten svinge til venstre og av vegen / krysse ditt køyrefelt, og han har vikeplikt. Men no er det eingong slik at mjuke trafikkantar har eit særskild vern, og når det først har skjedd eit uhell, er det svært sjeldan den mjuke trafikkanten får noko skuld, sjølv om vedkomande har brutt regelverket. Du kan nok difor ikkje rekne med å få noko av skadene på din bil dekka. Når det er sagt, ville iallefall eg stilt meg negativ til å skulle erstatte hans sykkel, og noko regress og rulleblad treng du ikkje frykte. Til sjuande og sist verkar det som at både du og syklisten er vaksne, fornuftige menneske som har sett at dette var eit hendeleg uhell, og ikkje ser noko poeng i å slenge dritt og politi etter kvarandre. Det er nok det beste :) .
  13. Stemmer. Så må du til slutt sjekke tillate vogntogvekt (står i vognkortet på bilen). Denne er stort sett lågare enn om du berre legg saman tillate totalvekt på bil og på hengjar kvar for seg. 3500kg er eit heilt uinteressant tal så lenge du har BE. Det vil seie, du kan sjølvsagt ikkje køyre bil som har tillate totalvekt over 3500kg, men ut over det kan du køyre det som er tillate på bilen, uavhengig av om bil + hengjar veg meir enn 3500kg.
  14. Og der har vi eitt poeng til: Låsane på desse bilane har ofte teke natta. Då er redninga som JChE seier at dei har fjernstyrt sentrallås. Ulempa er når batteriet på anten fjernkontrollen eller bilen er flatt. Obsobs...
  15. Fjørene framme har eg òg blitt fortald at er eit utsatt punkt på desse, då min eine vart konstatert knekt her i vinter. Min går òg på 0,6l/mil, opp mot 0,7 no, når eg køyrer 70% av tida med tung hengjar. Bra, spør du meg! Når det gjeld vinterføre er det alltid dekka som er avgjerande, men Partneren er ikkje verre enn andre bilar.
×
×
  • Create New...

Important Information

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å opptimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Hvis du klikker videre på siden aksepterer du vår bruk av cookies.