Jump to content

Feilkode gjenoppstår


Hkv

Recommended Posts

Audi A6 C5 -04

Har nokon greie på feilkode p0441? (bilde 1)

Søkt meg grønn på nettet, snakka med andre luringar på nettet rundt om og lurer no på om det er fleire som har vore borti denne feilkoden?

P0441 EVAP System Incorrect Purge Flow
 

Har bytta:

Returventil "n80 valve" (bilde 2)

https://www.eurodel.no/luftskrue-drivstofftank-maxgear-18-0521

 

Veivhuslufting slange (bilde 3)  (bestilt hos Berge & Co avd Sogndal, men fant del med samme nr på Eurodeler... og sjølvsagt for ein brøkdel av prisen eg betalte.

https://www.eurodel.no/slange-veivhuslufting-vaico-v10-2275

 

Tilbakeslagsventiler, 2 stk (bilde 4)

https://www.eurodel.no/ventil-luftstyring-sugeluft-vaico-v10-2108

 

Har hatt denne feilen i snart eit halvt år, bytter deler og sletter feil med obd2 verktøy fra Biltema...

Har tidlegare også brukt meir avansert "Hella Gutmann" greier som rapporterer samme feil.

20220415_031831.jpg

20220526_160014.jpg

slange veivhuslufting.jpg

tilbakeslagsventiler.png

Link to comment
Share on other sites

Kan nok ikke hjelpe deg konkret men det kan være at det er en feil på eller tett karbonfilter, evt om luftpumpen har en feil (om det er luftpumpe på den), dog usikker på om disse to systemene har direkte tilknytning. Kan og være at feilkoden må slettes mer enn en gang for å få vekk feilkoden, fks med VDCS-system.

Du kan gjøre et søk her Original catalogs of auto parts. (7zap.com) , legg inn din motorkode så kan du se hvordan de forskjellige systemene er bygd opp, delenummer etc.

Link to comment
Share on other sites

  • 4 weeks later...

Dersom lysene pulserer vil jeg anta spenningsregulator i dynamo er synderen. 

Går startmotor som normalt (turtall) ved oppstart så er jording (batteri-karosseri) mest sannsynlig i orden. Dog kan man enkelt lage en ny jording dersom behov, en elektriker med tilgang på presstang til kabelsko er da greit å kjenne ;)

Bilforumet.no
Administrator

Lag en tråd om du lurer på noe, ikke send PM.

Link to comment
Share on other sites

Hørt om spenningsregulator, både frå elektriker og mekaniker, men tenkte at den kanskje ikkje skulle være synderen, iallefall ikkje når eg vil kalle den "litt ny" (ref vedlagt bilde) ... men kan bytte med ein anna som er "pent brukt" og ligger hos skraphandler klar til nytt liv?

Ut i fra kvitteringen er dynamo nesten 7 år gammel og holdt ut 57.837 km... kjøpte bilen i slutten av Januar 2020, ganske så sikker på at lysene pulserte da også, la merke til det nedover gjennom Finland... kan den ha blitt utslitt så fort? ..under 5 år?

Er ikkje kjent med kvaliteten og merke den er av, men det kan ein vel finne ut av når ein ser nærmare på den :P

 

Skal ta ein telefon til elektrikeren ila dagen/kvelden, så finner me nok ut om me er gode venner enda ;D


Takkar iallefall for svar og idéar som kjem inn!

 

20200426_010456.jpg

Link to comment
Share on other sites

  • 6 months later...

Orakelet Quattro 73 slår til igjen! Kanskje klar for meir også?


Kjøpte ny dynamo på bildeler.no for ei stund tilbake, sida det var relativt "billig" penge. Måtte dobbelsjekke at den passa inn i bilen og trippelsjekke fabrikat - Alt der OK.
Den kom i posten, fekk bror min til å ta ein titt på bilen i påsketida me hadde no og han forsøkte å bytte regulator / diodebro på ny og gammal - der han kom fram til at det var like greitt å bytte heile dynamo.  (sjå vedlagt bilde 1.)
Gammal dynamo hadde såkalla frihjul, ny dynamo har ikkje...
Batterispenning ligg no også på ein sunn ~14.6 istadenfor konstant 16v (iflg instrumentpanel) med gammal dynamo.

FLIMRING I LYS BORTE VEKK!!
Glede!!!


Måtte sjølvsagt ta meg ein prøvetur og nyte følelsen av at eg var endelig kvitt ei langvarig plage, kanskje til og med 2? Neida. Kjøpte også ein ny magnetventil ( https://www.eurodel.no/luftskrue-drivstofftank-maxgear-18-0521 ) sida den var mest sannsynleg problemet...
 

Sjå vedlagt bilde nr 2...
Enkelte gasspådrag eller høg fart (opptil 80, om lensmann leser på forum ;) ) og tilbake til lågare turtall / tomgang var ein "sikker" måte å framkalle feilen på, men den kom ikkje første dagen. Ei heller andre dag, men som alle gode ting, så kom den på dag 3. Bilen sto og gikk lenge på tomgang tidlig på dag og etter litt køyring lengre opp i toppen av byggefeltet (toppen 30km/t) og tilbake på tomgang i noken minutt, så kom lampen på.
Fram med pc og vag-com (gratisversjon, men lell), les feil og joda. Feil 16825 // P0441 er tilbake.



Kanskje ledningsbrudd?

Snapchat-1040006530.jpg

Snapchat-417171437.jpg

Link to comment
Share on other sites

  • 2 months later...

Kan begynne å lure på om magnetventilen har ledningsbrudd eller at det kan være feil ein anna plass... har noken forslag til noke eg heller kan prøve å sjå etter, tips gjerne....

Enn så lenge så er det eit heller lite problem som kan vente, sida bilen plutseleg har begynt å bruke ekstreme mengder med kjølevæske.... har ikkje noke kvit røyk av eksos, men mistenkt halvsøt lukt der likevel. Trur ikkje toppakninga er gåen, men at det heller lekker ut under motor ein stad.
Har ein bekjent som har jobba på Berge & Co / Møller tidligare, som tek seg av bytte av ein drivknute (høgre foran) som eg synes lagar litt ulyd. Samtidig som han gjer det, så ser han etter om der er noke lekkasjer på slanger som kjølevæska skal flyte fint gjennom..

 

Link to comment
Share on other sites

  • 1 year later...

Liten etterlengta oppdatering sida sist; bilen vart avskilta på nyttårsafta 2023, for bror min som er mekanikar fekk overtalt meg til å bytte toppakning, for å vere på den sikre sida. 
Eg skal være ærleg nok til å sei det, eg kvir meg. Det er første gang eg skal forsøke å få det til - i garasjen heime. Eg har ikkje noko mykje erfaring med skruing, så det å gå rett på ei slik oppgave blir definitivt ein prøvelse...

Eg får rettleiing der eg skal, men me veit jo ikkje om det er den definitive syndaren til mine ..eller, Audien, sine problem....

 

Uansett, så er prosessen starta. Bilen er parkert, trang garasje uten isolasjon i og eit helvetes dårleg utvalg av verktøy. Føler eg ihvertfall, når eg les om andre som skrur og ser på diverse videoar på YouTube. 
Det er også vanskeleg, når eg forsøker å søke opp bilen min på diverse nettsider og delekatalogar, bilen min finnast ikkje. Ikkje med den motorkombinasjonen. (A6, C5 fase II, motorkode AWT).

Typisk... 

Finn lignande motorar som er i VW Passat sjølvsagt, men det ser heilt annaleis ut på sprengskjema der, kontra korleis motorrommet mitt ser ut. Blir sprø av mindre, berre så det er sagt.

 

Uansett, så har eg ein langvarig prosess som eg har framfor meg, satsar på å bli ferdig, før bilen har stått "for lenge" i ro. ...er vel noko med 2 år utan EU, så må den på visning att hos SVV... som eg ikkje har lyst til. Det blir berre ekstra usikkerheiter, som eg ikkje treng. 

 

Har du tips? Skriv gjerne ein kommentar. 

Har du lyst til å hjelpe meg? Hehe, det er lov å lufte forslaget... gratis er det også.   ..I rak motsetning til Møller. Dei kom med pristilbud på 37k for å bytte toppakning, åleine.  Eg har ikkje denslags pengar.

 

 

Heilt til slutt, så kan eg ta med at baksetet - sittebenken - i bilen har vorte delvis øydelagt. Skinnet, som er i midtsetet, har smuldra opp på eit eller anna vis. Eg legg ved bilder av det, for eg bør også få det reparert. 
Stoff / skinn / stoff. Har laga til eit innlegg på mittanbud om å få det fiksa, men det er stille.  Veit du om nokon som kan påta seg arbeid - for ein fornuftig penge, så skyt også inn ein kommentar på det. 
 

20240322_165505.jpg

20241009_014447.jpg

20241009_014557.jpg

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
×
×
  • Create New...

Important Information

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Privacy Policy