Gå til innhold

Atlen 245

Bruker
  • Innholdsteller

    90
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Atlen 245

  1. Kvifor 4-kanaler til å drive sub? Ville det ikkje vere meir fornuftig med monoblokk?
  2. Monoblokka skal gi 1000W i 2ohm og vil ha meir enn nok effekt til suben du har valgt. Problemet er at både forsterkar og sub er "out of stock". Denne suben får mykje skryt på amerikanske forum og kostar omtrent det samme som den du hadde sett på: Image Dynamics IDQ12 V.3 D4 (IDQ12-V3D4) 12" Dual 4 ohm IDQ V.3 Sub Sikker på at du vil handle sub frå utlandet da? Med frakt og moms vil den suben koste rundt 3000,- og du får mykje bra for det i Norge som du i tillegg vil ha 30 dagers angrefrist og garanti på. Denne er det mange som skryter av her til lands: Digital Designs DD1512a 12'' subwoofer, Dual 4,0 ohm (Produktdetaljer) [dynaBel AS] 10" varianten av denne var nettopp kåra til årets subwoofer av EISA: Elutstyr.no | Nettbutikk for Hi-Fi og bilstereo
  3. Lett å gå seg vill i jungelen av bilstereo på finn :) Focal + audison er jo ikkje feil viss du vil ha fin lyd: Sub og forsterker - FINN Torget Komplett pakke som burde gje mykje lyd: Rå Bilstereo til salgs! - FINN Torget Alpine har mykje bra, men det var litt lite info i annonsa: Alpine 12 tommer med kasse og forsterker. - FINN Torget
  4. Kva vil du forsterkaren til 3500,- skal drive? Frontsett + sub? Kun sub? Har du noko utstyr frå før eller skal du kjøpe alt nytt? Kor mykje pengar har du tenkt å bruke totalt? Korleis er det med plass? Her er litt meir info om utstyret du har sett på, sikkert OK produkt, men passar ikkje so godt i lag: Forsterkar på 4x100W: Earthquake Sound T2000W/4 (t2000w4) 2000W 4-Channel TNT Amplifier Sub 500W DVC 2x4ohm: Earthquake Sound DBXI-12D (DBXI12D) 12" Dual 4 ohm Car Subwoofer Skal du brokoble to kanalar bør belastninga vere på 4ohm, altså ein sub med ein spole på 4ohm eller to spolar på 2ohm. Elementet du har sett på har to spolar på 4ohm og kan dermed koblast som 2ohm eller 8ohm. Dei fleste forsterkerar klarar ikkje lavare belastning enn 4ohm når dei blir brukobla. Ville sett på monoblokk til sub og ein 2-kanaler til frontsett. Det er også mykje bra på bruktmarkedet viss du leitar litt. Vanvittig mykje bilstereo på finn.no og på "til salgs" sider på div. forum. LIB skal vere OK produkt til god pris. Forsterker + sub til under 3500,-: Hop Audio, Velkommen til vår nettbutikk : LIB-900.1D. Monoblokk fra LIB. [LIB-900.1D] - kr.2.099,00 Hop Audio, Velkommen til vår nettbutikk : LIB-1212. 12 Subwoofer fra LIB. [LIB-1212] - kr.1.399,00
  5. Såg kun på RF-forsterkaren då eg posta forrige innlegg. Xelent-forsterkaren er oppgitt til 1000W i 1ohm so viss den virkelig tåler 1 ohm kan du gå for element med 2x2ohm, og viss den virkelig yter 1000W i 1ohm burde det vere meir enn nok til dei fleste 10". Å koble sammen to ulike forsterkerar på eit element vil eg tru er risky business....
  6. Ville ikkje gått for den GZ-suben rett og slett pga at du ikkje får utnytta forsterkar maksimalt med denne suben. Den er 2x2ohm noko som vil sei at du enten må koble den som 4ohm(serie) eller 1ohm(parallell). Du bør finne ein sub på 2x4 ohm, då kan du paralellkoble spolane slik at du får 2ohm slik som desse: Digital Designs DD510b 10'' subwoofer (Produktdetaljer) [dynaBel AS] Dynabel DY9240 10" Subwoofer 2x4 ohm, pris pr. stk (Produktdetaljer) [dynaBel AS] Ice Audio AS | Importør av Brax - Cadence - Focal - Helix - Ground Zero http://iceaudio.no/index.php?func=varer&vnr=11547 Kva for ein som er best av disse veit eg ikkje, men veit at DD får mykje skryt på div. forum og Focal lagar generelt sett mykje bra...
  7. Eller gå for denne som er kåra til årets HU av EISA: Kenwood DNX-4210DAB - Bilradiospesialisten - CD-radio m/DAB In-Car Electronics Awards 2012-2013 | EISA - The European Imaging and Sound Association
  8. Då lagar eg ei lukka kasse på 35L (denne skal passe både til Focal og Gladen), monterar JBL-suben og so ser eg om eg vil oppgradere til Focal-sub :) Har forhandlar for Focal i nærleiken so viss eg er heldig får eg testa den før evt. kjøp.
  9. Forstår ikkje at eg har oversett denne: Focal P30: http://www.focal.com/files/fp-subp30-gb.pdf Har Focal 165A1 frontsett som skal i framdørene og FOCAL 165CA1 som skal i bakdørene so det kunne vore kjekt med Focal sub...
  10. Takkar for svar. Eg lente mest mot Hertz før eg posta pga høg følsomhet og elutstyr reklamerar med fornøydhetsgaranti på denne. Har ein gammal JBL GTI 1200 som eg opprinnelig hadde tenk å montere, men etter lest litt rundt på nettet har eg funne ut at denne ikkje passar so godt i lukka kasse til tross for at JBL har 38L lukka kasse som alternativ i manualen. http://manuals.harman.com/JBL/CAR/Boxes%20and%20Parameters/1200GTI.pdf Vil Gladen spele bedre i mitt oppsett eller skal eg prøve JBL-en før eg kjøper inn ny sub?
  11. Hertz: 93db Gladen: 91,3db Polk: 88db JL: 87db JL skriv dette på sine sider: Efficiency (1 W / 1 m) is not an accurate indicator of a subwoofer’s output capability and should not be used as a comparison to other subwoofers to determine which one is “louder”. Men eg får prøve Gladen, satsar på det blir bra. Judys har foreslått kasse på 35L til denne og det passar fint inn i mitt oppsett :)
  12. Då vil du få 4ohm ja. Elementa får då 300W kvar.
  13. Noken andre du meinar er bedre? Tar gjerne i mot forslag :)
  14. Viktig å få med seg at P30DB er dobbelspole element på 2x4ohm og vil gje impedans på enten 2 eller 8 ohm. Ein brukobla forsterkar bør ikkje tilkoblast meir enn 4ohm då forsterkaren "ser" 2ohm. (4 ohm fordelt på to kanalar). Koblar du P30DB som 8ohms element vil du kun få halve effekten i forhold til kva du vil få på 33V1 som er eit 4ohms element. 33V1 er 13" og P30DB er 12"
  15. Hei Har sett på div sub-er og klarar ikkje å bestemme meg. Suben skal stå i ein honda Civic 2007 modell. Får plass til kasse på ca 40L maks. Forsterkaren er ein 2x100W som skal gje 400W brukobla i 4ohm. Elementet må difor SVC 4 ohm eller DVC 2+2 ohm. Her er dei eg har sett på: Hertz DS 300.3 Elutstyr.no | Nettbutikk for Hi-Fi og bilstereo JL 12W1v2-4: JL Audio - 12W1v2-4 (1x4 ohm) Gladen RS12: Gladen Audio RS12 Subwoofer - Judys Bilstereo Polk Audio DB1240SVC: Polk Audio DB1240SVC - Tromsø Bilstereo - God lyd til rett pris! Andre alternativ som vil passe bedre i samme prisklasse eller lavare? Tips mottas med takk :)
  16. Hei. Har vore og sett på denne bilen: http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=29772434 Annonsa er gått ut på dato, men fekk sms i går om at eg skulle få den for 75.000,- Rusten vart fiksa for tre år sidan på merkevereksted der dei bytte bl.a. dører og skjermar. Problemet er at no er rusten begynt å kome tilbake. Bobler på dører langs lister samt i underkant. Bobler i hjulbuar, rundt grill og rundt håndtak på bagasjeluke. Er dette noko ein kan prøve å reklamere på (eigar har kvittering på utført arbeid)? Kor sannsynlig er det at ein klarar å få kontroll på slike rustproblem når dei kjem tilbake etter berre 3 år? Bilen såg eller veldig fin ut ellers og har utfylt servicehefte. Den har ein liten bulk ved høgre frontlykt og på bakluka. Bilen har vore varebil tidligare, men det har blitt satt inn bakseter. Ubetydlig slitasje på interiør. Motorrommet såg veldig fint ut og motor og gir virkar for å vere bra. Syns det var litt ullen styring, men det har det vore på andre MB eg har køyrt og, so eg trur det er slik MB er for at det skal vere meir komfortabelt på langtur (correct me if I'm wrong). Har vurdert BMW 5-serie, men leser at dei og er plaga med rust, men har klart å skjule det bedre. Audi har lite rustproblem pga galvanisert karrosseri, men dei har problem med kammane på 2,5TDi-motoren og tiptronic-kassa har ikkje det beste ryktet. Syns A6 var bedre å køyre enn E-klasse (meir presis styring). Har ikkje køyrt 5-serie på nokre år, men syns å huske den var ganske god å køyre. Kva seier ekspertisen og andre synserar? Bør eg droppe W210 og heller vente til eg har råd til nyare og bedre bil?
  17. Denne heimesida har vedlig mykje nyttig info om siste generasjon Scorpio: http://fordscorpio.co.uk/faultfinds.htm
  18. Hei. Har hatt problem med girkassa på min 98-mod scorpio 2,3i automat av og til. Her om dagen ville ikkje bilen koble inn revers sjølv om spaken stod i riktig posisjon og eg prøvde fleire gongar. Når eg kom heim og skulle parkere fungerte revers igjen. I dag fekk eg tlf av madammen som ikkje fekk bilen til å gå framover. Det kom visst ein stygg lyd og bilen bevegde seg tregt. Ba ho slå av tenninga og starte bilen på nytt og då fungerte den som normalt. Det har og hendt seg at O/D lampa har blinka medan eg har køyrt og då har ikkje overdrive fungert. Andre gongar har lyset for utkobla antispinn lyst eller blinka og då har ikkje antispinn og ABS fungert. Eg fryktar at eg har eit elektrisk troll som driv og rotar... Er der nokre kontaktar som ligg utsatt til for korosjon e.l.? Kan det vere styringshjerne for automatkassa som tullar? Ofte so forvinn slike ting viss ein opnar opp og har på elektronikk-rens og/eller kontaktspray. Nokon som har gode forslag til kvar feilen kan ligge? Gode tips mottas med takk....
  19. Hm... Får sjå kva det blir til... Bilar med gode karosseri har som regel bra motor/drivverk og kostar deretter... Får prøve å rette den litt og sjå... Tok ein liten prøvetur og det virkar som om alt fungerar bra, einaste er at rattet er skeivt, men det er lett å fikse og er vel vanlig når ein har vore i grøfta...
  20. Hei. Madammen greidde å køyre i grøfta med min 92-mod 240 stasjonsvogn og lurer no på kva eg skal gjere. Fronten har fått seg ein trøkk nedanfrå og på skrå oppover på passasjersida mot førersida, skjermen på førersida er trykt bakover slik at førerdøra ikkje går opp og panseret er blitt skyvd opp og bakover. Lyktene peikar i kvar si retning, men er utrulig nok heile. Bilen er køyrbar, men ganske skeiv i fronten. Hadde vore interressant å flytte over alt til ein 240/245 som er eller blir veteran snart mao 80-mod eller eldre og so kanskje bygge om til FT/FK med tida. Er dette mulig? Passar so og seie alt over? Akslingar, motor drivverk, interiør, el-nett, bakluke m.m.? Interiøret og motor/drivverk er veldig bra på denne bilen, men problemet er vel å finne eit karosseri som er i god stand... Alternativet er å prøve å rette opp fronten og fikse den sånn nogenlunde...
  21. Får du den under literen på mila på langkøyring? Jaguaren er vel litt meir sportslig i oppsettet? Har veldig lyst på Jaguaren, men den er veldig stor og har stor motor so eg fryktar at beninforbruket på den er so stort at eg ikkje kjem til å bruke den so mykje som eg har lyst til...
  22. Hei. Har i det siste tenkt at det hadde vore fint med en komfortabel luksusbil som i tillegg var billig å eige dvs veteran. Bilen kjem til å bli brukt litt til og frå jobb i tillegg til div. koseturar, ikkje ein bil som skal stå inne og kun få lufte seg nokre få gongar i året mao. Etter å ha kika litt rundt på finn kom eg over desse to som eg syns virkar interessante. http://www.finn.no/finn/car/compare/result?sid=xz10jebhkq1O987883&finnkode_list=18532350%3B18604853 Likar veldig godt britisk eleganse, men trur at MB er ein meir driftsikker og robust bil. Kva er synspunkta dykkar? Gode/negative sider? Ting som ein bør vere oppmerksom på? Korleis er bensinforbruket? Håpar på gode tips :)
  23. Hei. Har i det siste tenkt at det hadde vore fint med en komfortabel luksusbil som i tillegg var billig å eige dvs veteran. Bilen kjem til å bli brukt litt til og frå jobb i tillegg til div. koseturar, ikkje ein bil som skal stå inne og kun få lufte seg nokre få gongar i året mao. Etter å ha kika litt rundt på finn kom eg over desse to som eg syns virkar interessante. http://www.finn.no/finn/car/compare/result?sid=xz10jebhkq1O987883&finnkode_list=18532350%3B18604853 Likar veldig godt britisk eleganse, men trur at MB er ein meir driftsikker og robust bil. Kva er synspunkta dykkar? Gode/negative sider? Ting som ein bør vere oppmerksom på? Korleis er bensinforbruket? Håpar på gode tips :)
  24. Har Biltema lambda og det funkar fint, men LMM må du ikkje kjøpe der!! Prøv å få tak i en original brukt, det er billigare og bedre. Eg satte på eit billig åpent luftfilter på bilen min, men den tok knekken på LMM so eg fjerna det og kjøpte ny LMM på Biltema, den varte nokre få mil før ting blei like ille igjen. Skifta en haug med tenningsdeler for eg tenkte at LMM var nesten ny so det kunne ikkje vere den. Sjekka LMM etter at ingenting hjalp og då var alle trådane inni der av. Kjøpte ny LMM på Biltema og den funka nokre få mil før den gjek dukken, gjekk på Biltema og reklamerte og fekk ny, og den og gjekk dukken etter få mil. Kjøpte ein brukt LMM til 500,- og den funkar fortsatt etter over 10 000km Edit: Dette er ein 92-modell B230F LH 2.4
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår