Gå til innhold

ingolonko

Bruker
  • Innholdsteller

    56
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av ingolonko

  1. Tok litt tid før eg fekk prøvd dette her, men den føreskrevne prosedyren fungerer. Tok av stikkeren med tenninga av, starta bilen, gjekk ut og sette på stikkeren, når eg kom inn i bilen igjen var lampa vekke. lett fiks!
  2. Har ikkje bilde her akkurat no. Søkte litt rundt på utenlandske forum og har truleg funne svaret. Lampa tyder tett filter eller unormaliteter i drivstoffsystemet når den lyser konstant. Prosedyren for å sløkka den er i følge desse som følger: 1: slå av tenninga 2: ta av stikkeren på differansetrykkføleren (den som sitter oppå dieselfilteret) 3: start motoren 4: sett tilbake stikkeren innen kort tid (nokre skreiv mellom 3 og 60 sekund) 5: lampa skulle no sløkka etter 3 sekund (om det var tett filter som var årsaken til at den kom på) Har ikkje fått testa dette endå sidan eg ikkje har bilen her. Poster når eg har hatt bilen i hende og prøvd dette.
  3. Hei! Har ein gul varsellampe på ein hilux 2,5D-4D 06mod som eg ikkje heilt forstår kva er for noko, kva som må sjekkast/skiftast og om den eventuelt må resettast for å bli vekke. Bilen har ingen feilkodar og fungerer som normalt for å ha det sagt. Har sett i bilen si instruksjonsbok også utan å bli heilt klok på kva dette er for noko. Symbolet har eit bilde av ei bensinstasjonspumpe med noko som ofte betyr filter (i instrumentpanel samanheng) under. Eg var ganske sikker på at dette måtte bety tett dieselfilter (for stort trykkfall over dieselfilteret) og at lampa ville forsvinne viss eg bytta filter. Eg bytta filter, men lampa er der fortsatt. Så det store spørsmålet. Er det nokon som veit?
  4. Kan godt vera lokkpakningen som lek hjå deg. Har skifta nokre slike. Eigentleg ein lett fiks, men reinslegheit er ein dyd!
  5. hei alle saman. har problem med ein bmw x3 2007 mod 2liter diesel. har følgende feilkoder: P3263, P1278, P1279 har prøvd å ettersøka litt på nettet uten å koma til nokon eintydig konklusjon. problemet starta i fjor haust. motorlampa kom på, men ingen endring i bilens oppførsel. når det er kaldt går bilen ruskete rett etter start og sloknar enkelte gonger. dette er uavhengig av om ein har motorlampe eller ei og det fører heller ikkje til at lampa kjem på. lampa kjem og går litt av seg sjølv, og forsvinner straks ein sletter feilkoder. er då vanlegvis vekke ein dag eller to. etter at våren kom har det ikkje vore motorlampe, før første dagen det var litt kaldare i været no i haust. så trur ganske sikkert eg kan sei at utetemperaturen har ein utløysande innvirkning på problemet, meir enn å vera årsaken til problemet. lampa har ein tendens til å komma på ved halvvarm motor i underbakke uten gasspådrag på ca 2000 omdreininger, i følge freeze frame på diagnoseverktøyet. har ein mistanke om at bilen ikkje har den effekten den skal ha, men har ikkje samanlikningsgrunnlag sidan eg ikkje har prøvd andre slike bilar. synest også bilen er litt for lett å kvele. synest også forbruket er litt høgt, vanskeleg å få under 0,7 på langtur med AC avslått. slik har den vore heilt sidan den vart kjøpt i fjor sommar. der er også ein svak tikke/bankelyd under pådrag, uavhengig av turtall. der er ingen røyk av nokon som helst slag, men synest bilen luktar sur eksos på tomgang. har rensa EGR og skifta veivhusventilasjonsfilteret, ingen av dei var serlig tilgrisa. bilen har gått 120000km og mykje på lange turar. har også tatt diagnose å kjikka på parameterne, der ser ting ut til å vera ok. kjem til å ta av innsug og sjekka ventilane for regulering av sugerørslengde (ofte kalla swirl flaps) då dei visst har ein tendens til å løysna og komma inn i motoren. sjølv om det skulle vera forbedra etter medio 2005. då skulle dei delte stålventilane vera erstatta av heilstøypte i plast som i alle fall ikkje skal gjera samme skade ved ein eventuell defekt. begynner å bli litt tom for ideer. alle tips tas i mot med takk!
  6. takker for svar. det er nok noko gale med egr opplegget. nappa av stikkaren på egr solenoiden å no er bilen friskmeldt. :thumb
  7. hei har feilsøkt i dagesvis på ein chevrolet astro 1988 mod så alle tips tas i mot med takk. problemet er: bilen virker til å få for feit blanding ved lite gasspådrag, viss ein då ikkje gjer meir gass stoppar bilen etter kort tid. dette er uavhengig av om ein står i ro og berre gjer litt gass (drar opp turtalet til rundt 2000 rpm) eller kjøyrer med lite gasspådrag (slepper gassen nesten heilt ned rundt ein veldig skarp sving eller liknande) problemet er der heile tida, men det er verst på varm motor. motoren går fint på godt påtrekk. går litt uryddig på tomgang når den er kald, men ingen tendens til å stoppe. har skifta: rotor, fordelerlokk, pluggkablar og tennpluggar då dette såg ut for å vera modent for utskiftning, og for å luka vekk nokre potensielle feilkjelder. har sjekka: bensintrykk: skulle vera 9-13 psi, mitt måleresultat er 10-11 psi kompresjon: skulle vera 150 psi (ca 10,5 bar) mitt måleresultat 11,5-12 bar på alle sylindrane. kansje i høgaste laget, men i alle fall veldig jevn, ingen brendte ventiler eller liknande. dette kan jo og vera eit litt unøyaktig manometer og ein slik test vil jo og vera avhengig av ladning på batteri osv. kjølevesketemperatursensor: mitt måleresultat er ca 9,5 kiloohm ved 0°C ute (og i motoren) og ca 320 ohm ved driftsvarm motor. dette er ganske godt i tråd med den tabellen eg fant i boka. i stikkaren skulle det vera ca 5v, mitt måleresultat 4,93v. TPS(throttle position sensor): skulle vera ca 5v inn i stikkaren, mitt måleresultat 4,97v. skulle vera ca 0,5 volt ut frå tps ved tomgang, mitt måleresultat 0,57v. skulle vera ca 4,5v ved full gass, mitt måleresultat 4,24v. MAP(manifold absolute pressure) sensor: skulle vera ca 5v inn i stikkaren, mitt måleresultat 4,95v. skulle vera 4-5v ut frå sensor med sløkt motor, mitt måleresultat 4,35v. skulle vera 0,5-2v ut frå sensor ved tomgang, mitt måleresultat 1v. dyser: ohmsk verdi skulle ligga på 1,16- 1,36 ohm, mitt måleresultat ca 1,2 ohm i begge dysene. strålebildet ser også greit ut når motoren går. Tenningstidspunkt: skulle vera ca 0°, står i boka at det ikkje er justerbart, men det er det. var ca 10°, prøvde å justera det, men det var ikkje til hjelp. lambdasond: skal gje ei vekslande spenning frå ca 0,1v - ca 0,9 volt med ca 30 vekslingar i minuttet, på tomgang med varm motor. mitt måleresultat konstant 0,35v. skifta så lambdasonden den nye gjer konstant 0,5v. trur i utgangspunktet ikkje at dette er problemet i og med at problemet også er der på kald motor. kom gjerne med innspel på dette. har ellers sett over kabling, kontakter, vakumslanger +++ service engine soon lampen lysar ikkje, men den virkar og begynner å lysa når ein nappar av stikkaren på ein sensor. tips anyone? er takksam for all hjelp. :thumb
  8. ingolonko

    rar cluch

    kjem litt ant på ka du meina med at clutchen ikkje tar tak. viss pedalen går rett i golvet uten motstand å du må pumpe nokre gongar før det blir motstand i pedalen og clutchen frir ut så er det etter all sansynelighet ein feil med den hydrauliske overføringa til clutchen. enten hovedsylinder eller slavesylinder. du kan sjølvsagt prøve å lufte clutchen først. viss pedalen kjennes grei ut men clutchen allikevel ikkje frir ut før etter ei stund tyder det på at clutchen bekar seg fast. ps: det er sånt som kan skje viss bilen står veldig lenge mellom kvar oppstart for eksempel 2 -3 månader eller meir. lykke til!!
  9. trur walker har sånt verktøy du e på jakt etter. kan sikkert skaffes av de fleste bilrekvisita butikker.
  10. pass på at ikkje signalkabelen (phonokabelen) ligg i lag med ledningen til bensinpumpa og helst så langt vekke frå sjølve bensinpumpa som mulig. har nemlig hatt det samme problemet å det var feilen. eventuelt bytt til ein bedre skjerma phonokabel.:dj :dj :dj :dj forhåpentlig vis uten turbolyd. hehe.
  11. nokon som har anelse skulle jo hatt det fsf.:hvaskjera http://www.bilforumet.net/images/smilies/wtf.gif :hvaskjera
  12. det fins nok ein del "lurium" å få kjøpt rundt om, men fleire av dei nevnte produktena har faktisk overraskande god virkning på både godt og vondt. positive ting som nevnt bedre kompresjon, mindre drivstofforbruk, mindre oljeforbruk, mindre ventiltikking(om hydrauliske ventilløftarar), lågare utslepp og mange forskjellige andre ting alt etter ka stoff det er snakk om. negative ting som for eksempel nedvasking av ein dreten motor, kan føra til tiltetting av oljekanalar i for eksempel toppen som igjen kan føra til for eksempel skoren kamaksel.(har nemlig opplevd dette) meiner det står i instruksjonsboka til volvo 240 at "lurium" ikkje er å ambefala då det kan laga vondt verre å det kan vel vera sånne ting dei meinar. viss du ikkje har nokon spesielle feil eller liknande med motoren din ville eg ikkje hatt på noko, men har du noko som eit middel skal hjelpa mot skadar det skjelden å prøva, men men. if it ain`t broke don`t try to fix it.
  13. tar ca 5 min å bytte wire på ein sånn bil. uavhengig om det er automatisk eller manuell stramming.
  14. viss du tar ut nødblinkbrytaren virkar ikkje blinklysa så du kan eventuelt leita etter dårlig kontakt på brytaren eller prøva å skifta han. for å få bukt med fasten seatbelt lampa dreg du berre frå kvarandre den kontakten som er rett innanfor askebegeret bak, men då forsvinn også lyset over askebegeret bak. så den kabelen må du skjøyta viss du vil ha lys der. trur det skal vera den kvite og raude.
  15. det fins ingen lufteskrue på servostyringa. det er bare å svinge fult utslag til begge sidene så er den lufta. du treng vel eigentlig aldri å bytta servoolje, men viss ho e gammal å begynt å bli veldig stygg så kan det jo kansje vera litt lurt. viss det er beholdar på innerskjerm eller lignande tar du berre av den tynne slangen på beholdaren å pekar han ned i ei bøtte eller noko. startar opp bilen å svingar fult utslag til begge sidene heilt til høgre å heilt til venstre ein fire fem gonger då burde så og sei alt vera komt ut så er det berre å setta på plass igjen slangen, fylla på ny olja å svinga at og fram nokre gongar å etterfylle til maks. (du må kansje gjera det 2 - 3 gonger viss beholdaren går tom når du svingar fult ut den første gongen å tar inn litt luft.) det samme gjeld for så vidt om tank og pumpe står i ein klump, men du må då passa på å ta av den slangen som er retur frå tannstanga å inn at på beholdaren. håpar dette kan vera til hjelp :hello:
  16. ingolonko

    Lading

    ladelampen står i seriekobling med rotorviklingen i dynamoen å dermed viss børstene er slitt lyser ikkje lampa. når du slår på tenninga å ladelampen lyser er det ikkje brudd i kretsen ergo børstene har kontakt med sleperingane. men lyser ikkje lampa når du set på tenninga er det stor sansynlighet for at børstane er utslitte. den beste måten å sjekke om det er børstene som er gådde er å legge d+ ledningen (den tynne) på dynamoen til jord. å sette på tenninga. viss lampa då lyser, men ikkje når du koblar ledningen på dynamoen er det stor sansynlighet for at det er børstane som er gådde. men i ditt tilfelle er eg heilt einig med Granada3.0GL. var forresten god radgivning på den tråden til Granada3.0GL å det med at dynamoen må gå rundt. første bud er jo at det må vera viftereim på bilen. begynn å leit der.
  17. sjølv om alle lys virkar er det slett ikkje sikkert at den lampa inne i bilen forsvinn. det står også i instruksjonsboka. kort innføring i å feilsøke dette systemet. koble frå kontaktane til samme lysfunksjon på begge sider ein funksjon etter den andre. nå lampa sloknar har du mest sansynelig funne feilen. då skal du sjekka at kontaktane er bra og sjekka at pærene har samme wattstyrke. viss dette virkar til å vera bra skal du prøva bytta pærene på begge sider. tips: begynn med baklysene. viss dette var dårlig forklart eller du ikkje får det til så skal eg prøva å forklara det bedre. :hello:
  18. haynes bok nr: 42023 ISBN nr:1 56392 024 7 eller du kan sjå på det sjølv Haynes honda civic manual trur dei fleste bokhandlar kan skaffa deg ei sånn. lykke til. happyhappy
  19. det står i instruksjonsboka ka pærer den varsellampa gir beskjed om. å det gjelder kun utvendig lys, men ikkje alle. viss det er brudd i kretsen til oljetrykkslampa så lyser den ikkje. berre prøv å jorda den ledningen som går inn på oljetrykksbrytaren å sett på tenninga. viss då lampa lyser er det brytaren som er gåen. eller dårlig kontakt i kabelskoen så du kan jo prøva å kneppa han LITT saman å trua han på igjen. happyhappy
  20. også kalt ventildeflektorer.
  21. høyres ut som opphengskule. prøv å stikk eit lite hol på mansjetten til kula med ei nål eller liknande å få inn eit lite rør frå ein smørningsboks ( 5 - 56 for eksempel ) å spray litt, sving litt, spray litt. viss knirkinga då forsvinn har du funne feilen. men viss det visar seg å vera feilen bør du så absolutt bytta den kula.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår