Gå til innhold

martinlol

Bruker
  • Innholdsteller

    50
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av martinlol

  1. Det stod 4F1422066A på tannstaget som stod i bilen òg. Takk for meg :)
  2. Hei, Det korrekte svaret her er vel at ein bør forsikra seg om at drivverk, oppheng og bremsar samsvarer med effekten på bilen. Om ein tuner/chipper ein bil mistar ein f. eks. nybilgaranti på alt av motor, gir og drivverk, og forsikring vert ugyldig osv. Eg hadde tull med ein bruktbil som var tuna og det vart eit Sodoma Gomorra, for å sei det milf. Var denne Caddy-modellen levert med andre motoralternativ på rundt 189hk? Er det brukt same clutch i dei variantane?
  3. Sjølv ville eg ha køyrd med det. Tenk på alle kvinnfolka som køyrer med sånne skadar i dekka etter å ha køyrd i fortauskantar. Men eg er einig med svaret over. Høyr med fagfolk. Intakte dekk er alfa og omega for sikkerheit
  4. Det er omtrent like mange meiningar om å rensa motoren med diesel som det er menneske på jorda. Sjølv ville eg ikkje gjort det. Jo, du får gjerne vaska ut ein del grums, men ein kan vel ikkje vera sikker på at alt grumset vert tatt opp i filteret.
  5. Her finn eg forresten at 4F1422066A er eit utgått nummer for same del. Då var vel det mysteriet løyst...
  6. Av Møller Audi fekk eg delenr. 4F1 422 053 A. Eg ser fleire brukte tannstag har delenr. 4F1 422 066 A for Audi A6 C6, og Møller sa at det som sluttar på 66 A ikkje er likt. Likevel er det fleire som påstår at alle tannstag til Audi A6 C6 er like. Nokon som veitt?
  7. Hei! Det lugga i rattet og det viste seg at det var tomt for servoolje. Eg etterfylte og etterfylte. Nå har lekkasjen vorte så ekstrem at det renn som ei elv på begge sider av tannstaget. Eg har forstått det slik at tannstaget er ein svakheit på desse bilane, men er denne type lekkasje "som forventa"? Kona fortalde førre veke at ho kjørte over ein stein som låg i vegen, og det smalt og dunka under bilen. Kan denne steinen ha forårsaka skade i tannstaget om eit av hjula har fått seg eit slag/kakk? Planen er å få tak i eit brukt tannstag og byte, men om denne feilen er forårsaka av ein annan feil risikerer eg vel at det nye tannstaget òg begynner å leka. Audi A6 C6 2009 med servotronic. Søkeord: tannstag, tannstang, styresnekke, styrestag
  8. Jau, forsikring vert sikkert lik som for bil kjøpt ny i Noreg, om det ikkje er ein ekstremt ukurant modell. Sjølv har eg importert frå Frankrike. Noko du ikkje har tatt med i berekningane dine er kostnaden og papirarbeidet med å få bilen registert på deg i USA. Eg er ikkje ekspert på området, men eg vil tru at å verta registert som eigar av bilen hjå det amerikanske biltilsynet kan vera ei helvetes papirmølje - spesielt om du korkje har statsborgarskap eller fast bustadsadresse der. Undersøk dette nøye. Kanskje du finn eit kontor eller ein forhandlar i statene som spesialiserer seg på eksport. Dei kan kanskje svara. Evt. ein forhandlar her til lands som importerer frå USA. I skrivande stund har forresten krona styrka seg litt ;)
  9. Oppdatering: Eg byta ballast og har sidan ikkje sett at lampa har slokna Takk for tips!
  10. Videoen seier vel alt. Pæra sloknar i eit par sekund før ho tennast att. Dette skjer kanskje kvart 15. minutt. Det gjeld kun passasjersida. Har nokon råd? Ha ein flott dag!
  11. Oppdatering: Eg trur det var knappen som var treig eller hadde kilt seg mot det omringande plastpanelet. Problemet er vekke nå.
  12. Eg må kanskje finna nokon skruar med innvendig sekskant-hovud om det eksisterer
  13. Takk for svar! Ja, eg får sjå om eg får tatt ein tur innom ein dekkverkstad
  14. Hei! Har kjøpt nye hjul og holet til hjulboltane er for små. Dei felgane som står på bilen nå har hol med diameter på ca. 31 mm. I dei nye felgane er holet ca. 21 mm. Hjulboltane går ikkje inn i holet. Veitt nokon kor eg kan kjøpa boltar med mindre hovud? Eg var på biltema, men dei passa ikkje. Andre som har hatt same problem? Til info: Opel Viagra 2009. Han eg kjøpte hjula av sa at felgane var originalt levert til bilen, men om det stemmer veitt eg ikkje. Ønsker alle ein fin dag!
  15. Heisann, Har ein Audi A6 C6 2009 med eit lunefullt hanskerom. Det opnar seg av seg sjølv. Det skjer gjerne når ein låser opp bilen, opnar bakluka eller går ut av bilen. Nokon som har opplevd dette? Takker for alle innspel!
  16. Hei, Har gått til innkjøp av ny brukt-"bil". Varmetrådane i frontruta går av og på. Det hjelper ikkje å vri på brytaren (sitt ytst på viskarhendelen). Fyrst trodde eg det var dårleg kontakt i brytaren, men virkar som dei lever sitt eige liv uavhengig av korleis brytaren står. Nå skal det seiast at dette er ein open "bil", så det har vel komt fukt og salt inn overalt. Renault Twizy 2013 Nokon tips? =)
  17. Kanon! Tusen takk for svar:) Sett stor pris på det
  18. Hei, Eg skal skifta bremsar (klossar og skiver) foran og lurte på om dette må registrerast i computeren i bilen? Det ligg vel sensorar som sjekkar tjukkelsen på bremsebelegga. Eller er det bare til å hiva i dei nye utan å oppdatera? I så fall kan eg gjera det sjølv og slepp å ha bilen på verkstad for å oppdatera systemet. Eg har skifta ein del bremsar opp gjennom åra, men det er sjeldan eg skrur på så nye bilar. Beste helsing, Martin
  19. Har det pågått lenge? Det er vel typisk at sånt skjer om den ikkje lader godt nok, men då sluttar alt å fungera etter kvart. Berre ein tanke...
  20. Eg skal prøva det! Meiner å huska at bensinmotoren startar når ein setter den i S.
  21. Takk for svar! Eg har prøvd alle programma - auto, dynamic og comfort. Køyrer som regel i EV. Kanskje eg må ta meg ein ny runde i innstillingane. Har òg prøvd D, S, og M på girkassa. Mekanikaren frå Møller meinte eg kunne køyra i M og gire opp. Då ville ikkje bilen bremsa. Eg har ikkje fått testa dette skikkeleg.
  22. Hei, Fruen har ein Audi A3 Sportback e-tron 2017-modell (ladbar hybrid). I unnabakke bremser bilen automatisk for å ikkje renna opp i høgare og høgare fart. Lurt, tenker kanskje du. Automatisk drit, tenker eg. F.eks.: Eg køyrer over ein bakketopp og skal ned ein lang bakke. Til tross for at eg ikkje rører pedalane bremser bilen av seg sjølv ("power"-nåla i instrumentpanelet går frå å ligga flatt til å gå ned i charge-feltet). Når eg køyrer over bakketoppar tar eg gjerne høgde for at det kommer ein unnabakke. Difor vil eg ikkje at bilen skal bremsa for meg. Eg vil heller bruka unnabakken til å samla fart. Løysinga er at eg må justera med gasspedalen for å få nåla ut av charge og til å ligga flatt. Er det mogleg å skru av automatisk regenerativ bremsing? Har prøvd ulike køyreprogram/-modus. Møller Bil Stavanger meinte det ikkje var mogleg. Å køyra den bilen er som å krangla med ein robot - ein forbanna innpåsliten robot som skal læra deg å køyra bil. He he Innspel blir mottekne med takk!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår