Gå til innhold

Stor familiebil for fam. med hund og 1+ barn <400000

Ranger emnet


Brakjen

Anbefalte innlegg

Heisann,

Eg prøver meg på ein tråd for råd om modellar som passar oss. 

I dag har me ein Mazda CX-5 2018 (pre face lift), og denne er rett og slett for liten. Me fekk nyleg første barnet, og det vert nok eitt til om ikke så lenge. Hundeburet tek opp 80% av bagasjerommet i CX-5-en. Bilstolen med base gjer at kona ikkje får plass i passasjersetet framme,  så ho sit bak med ungen. Barnevognramma går inn ved siden av hundeburet, og bassinetten står i 45 graders i passasjersetet framme. Då er det omtrent ikkje noko rom for posane etter ein handletur. For å sitera Prima Vera: Her må noko gjerast. 

Her er ei sjekkliste for oss

  • Buret til hunden bør ikkje ta opp meir enn 50% av bagasjerom. Me kan skifta bur til eit smalare og djupare, slik at hunden ligg meir i lengreretninga. Det burde gjera det enklare å utnytta volumet betre.
  • Eg er 195 høg, og set pris på god takhøgde.
  • Potensielt to barn skal inn i bilen, i lag med kona og meg sjølv.
  • Bilferiar synest me er kjekt, så fint med god lagringsplass.
  • Kona er allergisk mot kassebilar (sjølv om eg elskar dei), så noko ala Hiak får eg ho nok ikkje med på
  • Firehjulstrekk er eit pluss, men ikke naudsynt
  • Bil ikke høgare enn 210cm, for då kjem han ikkje inn i garasjen til sameiet......
  • Me tar utgangspunkt i opp til 400000 kroner.

 

Så langt har eg kikka på desse modellane:

  • Skoda Kodiaq (størst bagasjerom, individuelt justerbare bakseter, lekrast bil)
  • Mitsubishi Outlander (7 års nybilgaranti, mange på bruktmarknad)
  • Toyota Land Cruiser (veldig høg bruktpris, eller?)

 

Er det nokon som kan tilråda andre, gode modellar som kunne passa? Gjerne litt moderne kassabilar også - kanskje med god lobbyering så kan ett få ho på glid? :P 

Takkar stort for svar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du sett på Skoda Superb stasjonsvogn? Av dei tre bilane du foreslår så ville eg gått for Kodiaq, men du vil aldri få innfridd alle dine ynskjer utan å gå for «kassebil». Uansett vil du måtta inngå kompromisser, trangt får du det på eine eller andre måten, slik at du må ofra plass/komfort. Du nevner og at de gjerne får eit barn til, og ja, gratulerer med det fyrste :) Når den dagen kjem, at de vert totalt fire (pluss hund), så vert alt anna enn kassabil for smått. Då må de ha ny bil - igjen - alternativt reisa utan hund, eller de må la barnevogn(er) stå igjen heime. Antar ingen av delane er akseptable, einaste løysing er då kassabil. Sjølv om din bedre halvdel er allergisk mot kassabil så må ho vera realistisk, de har ikkje anna valg. Ingen kassabil har betre køyrekomfort enn Caravelle meiner eg, og ja, har prøvd samtlige. Eg er 186 og trur du og vil sitja behagelig sjølv med dine 195. God plass alle, også til hundebur, barnevogn og bagasje, derav og egna til bilferie - utan å tæra på parforholdet ;) Caravelle er vel nokså nøyaktig 2 meter høg og fås som syncro, altså oppfyller den alle dine krav, samt tek høgde for at de ein dag vert velsigna med barn nummer to - og tre :) 

 

Bilforumet.no
Administrator

Lag en tråd om du lurer på noe, ikke send PM.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår