Gå til innhold

Brakjen

Bruker
  • Innholdsteller

    1
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Brakjen

  1. Heisann, Eg prøver meg på ein tråd for råd om modellar som passar oss. I dag har me ein Mazda CX-5 2018 (pre face lift), og denne er rett og slett for liten. Me fekk nyleg første barnet, og det vert nok eitt til om ikke så lenge. Hundeburet tek opp 80% av bagasjerommet i CX-5-en. Bilstolen med base gjer at kona ikkje får plass i passasjersetet framme, så ho sit bak med ungen. Barnevognramma går inn ved siden av hundeburet, og bassinetten står i 45 graders i passasjersetet framme. Då er det omtrent ikkje noko rom for posane etter ein handletur. For å sitera Prima Vera: Her må noko gjerast. Her er ei sjekkliste for oss Buret til hunden bør ikkje ta opp meir enn 50% av bagasjerom. Me kan skifta bur til eit smalare og djupare, slik at hunden ligg meir i lengreretninga. Det burde gjera det enklare å utnytta volumet betre. Eg er 195 høg, og set pris på god takhøgde. Potensielt to barn skal inn i bilen, i lag med kona og meg sjølv. Bilferiar synest me er kjekt, så fint med god lagringsplass. Kona er allergisk mot kassebilar (sjølv om eg elskar dei), så noko ala Hiak får eg ho nok ikkje med på Firehjulstrekk er eit pluss, men ikke naudsynt Bil ikke høgare enn 210cm, for då kjem han ikkje inn i garasjen til sameiet...... Me tar utgangspunkt i opp til 400000 kroner. Så langt har eg kikka på desse modellane: Skoda Kodiaq (størst bagasjerom, individuelt justerbare bakseter, lekrast bil) Mitsubishi Outlander (7 års nybilgaranti, mange på bruktmarknad) Toyota Land Cruiser (veldig høg bruktpris, eller?) Er det nokon som kan tilråda andre, gode modellar som kunne passa? Gjerne litt moderne kassabilar også - kanskje med god lobbyering så kan ett få ho på glid? :P Takkar stort for svar!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår