Garegaupa Skrevet November 19, 2010 Rapporter Share Skrevet November 19, 2010 Hei! Eg prøvar å finne ut kor mykje ein kan forvente å få ved sal av ein brukt Citroën ZX 1,4i (3-dørs) frå 1997. Kilometerstanden er rundt 235.000 km, og han er EU-godkjend fram til september 2011. Han ser OK ut (ein del små bulkar rundt ikring, samt sprekk i plasten under fremre støytfangar) og er i god teknisk stand, med unntak av fylgjande: - Motor til bakre vindaugspussar er gåen - Viftemotor til friskluftsanlegg er gåen - Lekkasje i eksosanlegg (eg lyt studere bilen nærare før eg veit kor omfattande dette er) - Problem med låsing av førardøra (dette er berre døra som har sige litt ned, eg reknar med å klare å fikse dette sjølv utan kostnad) Eg har ikkje fått gått over bilen skikkeleg enno, så det kan vere andre småting som dukkar opp. Eg har kikka på Finn.no, og ser at bilar av denne typen ligg ute for alt mellom kr. 5.500,- til kr. 30.000,-. Litt av spørsmålet er kor mykje det er verdt å bruke på denne bilen for å utbetre dei tinga eg har nemnt viss planen er å selje han. Det er til dømes liten vits i å bruke kr. 10.000,- på delar viss ein berre aukar prisen med kr. 5.000,-. I forhold til dei tinga eg har nemnt over så har eg ingen problem med å gjere arbeidet sjølv, så arbeidskostnad er ikkje ein faktor. Vidare så tenkjer eg å bruke uoriginale/brukte delar så langt det går for å halde kostnadane nede. Slik det ser ut no så reknar eg med at eg kan få tak i motor til vindaugspussar, vifte til friskluftsanlegg og komplett eksosanlegg for i underkant av kr. 5.000,- (i underkant av kr. 8.000,- viss eg må skifte katalysatoren òg). Eg har ingen planar per i dag om å utbetre karosseriskadane. Kva trur de, er det verdt det å bruke såpass på denne bilen? Kva trur de ein kan få for han før og etter utbetring av det eg har nemnt? Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
st11504 Skrevet November 20, 2010 Rapporter Share Skrevet November 20, 2010 Vanskelig å si... Den har jo gått ganske langt i forhold til endel tilsvarende som ligger ute. Her er fex en 5-dørs som har gått nesten 100k kortere til 8000: http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=25141656 Rust-status, service-historikk og dekk blir sikkert avgjørende for hva du kan få... Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anbefalte innlegg
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.