Gå til innhold

Garegaupa

Bruker
  • Innholdsteller

    19
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Garegaupa

  1. Hei! Etter mykje leiting så fann eg ei kabelgjennomføring nede med pedalane. Eg hugsar ikkje heilt nøyaktig plassering, og er ikkje akkurat i nærleiken av bilen no. Uansett så var det rimeleg greitt å finne frå innsida, i alle fall. Frå motorrommet var det noko meir knotete, men det gjekk rimeleg greitt. Der sat ei gummiforing som der gjekk fleire kablar gjennom, og det gjekk akkurat å lure inn DEFA-kabelen òg. Sei ifrå viss du ikkje finn det, så skal eg prøve å få teke eit bilete når eg kjem heim att.
  2. OK, problem løyst! Eg hadde oversett ei kabelgjennomføring lengst oppe, inni, bak og bortanfor... Då er alt i orden! :-)
  3. Ingen gode idear? No har eg stått med hovudet både under panseret og under dashbordet i ettermiddag utan å finne noko... Ein stor del av utfordringa er at det er så trangt å kome til der det kan vere aktuelt å trekkje ein kabel gjennom. Eg finn ikkje ein vitug plass å bore hol eingong viss det skulle vere det eg endar opp med...
  4. Då tenkte eg at eg skulle til og montere dette her no i løpet av denne veka. Eg har kikka litt på bilen, men eg ser at den store utfordringa vert å finne ein grei veg for kabelføring inn i kupeen, akkurat som @Jesper1201 spådde. Eg finn ikkje nokon opplagt nokon plass, heller ikkje i området rundt vindaugsviskarar og vasskasse. Det gjer det ikkje akkurt lettare at det er trongt å kome til alle plassar... Eg prøvar meg ein gong til på om det skulle vere nokon som hadde ein genial ide her, viss ikkje så er det vel berre å begynne å leite med ljos og lykter (bokstaveleg tala)! :-)
  5. Eg sel fire stykk ubruka Nokian Hakkapeliitta 8 SUV 255/65 R17 114T XL piggdekk utan felg. Me hadde tinga feil dimensjon og fekk ikkje returnert dei der me kjøpte dei frå. Dei er lagt på felg ein gong og tekne av att, elles er dei heilt ubruka. Dei vart kjøpt i oktober 2016 og har lege godt lagra sidan den tid. Prisantyding kr 7.000,- (nypris kr 9.748,- inkl. MVA). Dekka ligg i augneblinken hjå Valle Bil & Maskin (adresse Øyne, 4747 Valle) og kan hentast der. Alternativt kan dei sendast kor som helst i landet etter avtale med kjøpar (kjøpar betalar transporten etter nærare avtale). Lenkje til annonse på Finn.no: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=110264601
  6. Då fann eg svaret, og for dei som måtte vere interesserte så skal det vere den på 1785 mm. :-)
  7. Hei, folkens! Eg lyt til å skifte viftereima på ein 2008-modell Honda CR-V Executive. Eg hadde bestilt ei ny reim på Bildeler.no (hadde søkt på registreringsnummer og bestilt den einaste som kom opp). Då eg fekk reima så plukka eg ut den gamle, men vart rimeleg vonbroten då eg fann ut at den reima eg hadde tinga var mykje for lang... :-( Det er ikkje akkurat enkelt å få reima av/på i eit så trongt motorrom, så eg gler meg ikkje akkurat til å gjere det om att... :-p Uansett, før eg gjer eit nytt forsøk så må eg få tak i rette reima. Kor mange alternativ er det til denne bilen? Bildeler.no sa at der var to ulike variantar, men dei hadde berre reim til den eine. Når eg går inn på Autodeler.co.no så finn eg fylgjande to reimlengder som skal passe til den aktuelle bilen: BOSCH Kileribberem 1785mm, Ribbeantall: 7 BOSCH Kileribberem 2265mm, Ribbeantall: 7 Kan eg då rekne med at den eg fekk feil fyrst var den på 2265 mm, og at viss eg tingar den på 1785 mm så skal det stemme? Eg var diverre såpass frustrert i går at eg gløymde å måle den gamle reima før eg sette ho i att, og det er ikkje så godt å få målt når ho står i... Flott viss nokon her kan hjelpe meg med dette! Ha ein flott dag og ei god helg! :-)
  8. Hei, Jesper, og mange takk for raskt svar! Høyrast absolutt ut som noko eg skal få til, dette her! Får ta meg ein kikk og sjå om der er nokon høvelege plassar der eg kan få lura ei leidning gjennom torpedoveggen fyrst, då!
  9. Hei, folkens! Eg sit og vurderer å kjøpe DEFA WarmUp II 1900 SmartStart og montere det på ein 2008-modell Honda CR-V Executive. Det eg lurar på er om dette er ei overkommeleg oppgåve for ein høveleg nevenyttig og oppegåande hobbymekanikar? Er det nokon spesielle fallgruver eg lyt passe meg for? Og er det mykje "boring og kapping" i sjølve bilen, eller er det mest "plug and play"? Alle innspel og erfaringar vert mottekne med takk!
  10. Då var mysteriet løyst! Eg leita og leita, og til slutt fann eg det: Under panseret, på eitt av festa som held sjølve lykta fast i karosseriet. Det var rimeleg godt gøymt, ja! (Talet var forresten 17,5 per lykt. Det høyrdest meir logisk ut etter mitt hovud.) Tusen takk for hjelpa uansett!
  11. Hei, folkens! Eg har kikka litt på ekstrasljos av typen VisionX Transporter Prime 9 (CTL-TPX910). Eg har leita rundt på Google for å prøve å finne brukartestar og erfaringar i forhold til desse ljosa, men eg finn ingenting. Er det nokon her som har prøvd desse, eller eventuelt veit kor eg kan finne nokon upartiske testar av dei? Eg er mest interessert i å finne ut korleis eigenskapane til desse ljosa vil vere i forhold til xenon-ekstraljos med cirka same diameter, til dømes av typen Hella Luminator Compact Xenon. Ein ting eg kva ein kan lese seg fram til i tabellar og grafar, reell bruk er ofte noko heilt anna. Meir informasjon om dei aktuelle ljosa: http://www.megalys.no/products/transporter-prime-9 http://www.visionx-europe.com/Transporter_Series_OffRoad.html På førehand takk for svar!
  12. Hei igjen! Det er ein Ford Ranger Double Cab Limited, 2013-modell.
  13. Hei! Eg prøvar å finne ut referansetalet for fjernljosa på bilen min. Eg trudde dette skulle stå på sjølve lykteglaset? Der stend det ingenting på min bil, men der stend noko attmed ljospæra. Sjå vedlagte bilete, kan det stemme at talet i den raude ringen er referansetalet? Eg tykte dette talet (37) virka noko høgt for ei standard halogenlykt...?
  14. Takk for tips, karar, eg skal sjå på alle desse her! Det gjer meg ingenting med ein bil som er bruka, snarare tvert imot så kan det vere ein fordel viss han begynner å nærme seg ti år slik at ein etter kvart kan få omregistrert han og sett i baksete utan å måtte vente alt for lenge.
  15. Takk for utfyllande informasjon, EaglePilot. Eg reknar med at det då er modellar som F-150 og Super Duty du har i tankane? Veldig flotte bilar dette her, men det ser for meg ut som dei kan vere litt vrine å få tak i her i Noreg? Eg ser at Ford ikkje fører desse her i landet, og dei eg finn på Finn.no er enten alt for dyre for meg (over dobbelt av det eg har sett føre meg som budsjett), utgamle eller ikkje 4-dørs. Men det er kanskje eitt eller anna "triks i Ludo" eg overser her?
  16. Takk for svara så langt, karar! EaglePilot: Er det nokon spesiell grunn til at du føretrekk amerikanske/kanadiske pickupar? Pris, kvalitet, eigenskapar...? Jesper1201: Takk for tipset om Isuzu-en, den skal eg sjå nærare på! Me hadde ein Isuzu (vanleg to-dørs) som firmabil i det førre selskapet eg jobba i, når eg tenkjer etter, og den verka temmeleg ålreit. Fleire som har nokon innspel?
  17. Hei, folkens! Eg går og leikar meg med tanken på å kjøpe meg ein 4-dørs pickup. Dette av di eg likar pickup-konseptet, men samtidig kan tenkje meg å ha mogelegheita til å (i alle fall på sikt) setje inn eit baksete slik at ein kan få med litt passasjerar òg. (Og ja, eg er klår over at det kostar skjorta å få omregistrert bilen frå varebil til personbil før han har bikka 10 år, det er ein del av totalvurderinga som eg må gjere. ) Dei merka og modellane eg har sett på så langt er fylgjande: Volkswagen Amarok Toyota Hilux Nissan King Cab / Navarra Ford Ranger Bilen kan vere ny eller bruka, og når det gjeld pris så ser eg det litt an, men i utgangspunktet så har eg ikkje lyst til å gå veldig mykje over kr 300.000,-. Viss det er snakk om ein bil som er innanfor garantitida (slik at eg ikkje kan/bør mekke på han sjølv) så vil nivået på servicekostnadane òg vere interessant å vite. Det eg er ute etter er ein kvalitetsbil som er driftssikker og behageleg å køyre. Han må vere god på vinterføre og dårlege vegar. Bensin eller diesel har ikkje noko å bety, men eg vil ha manuelt gir (ja då, ja då, eg veit at eg er gammaldags ). Av dei eg har prata med så langt så får eg inntrykket av at enten Amarok eller Hilux vil vere dei beste alternativa, men eg ville gjerne høyre om det er nokon her som har nokon erfaringar å kome med? Eventuelt andre merke/modellar som de kan anbefale? På førehand takk for alle svar!
  18. Hei! Eg prøvar å finne ut kor mykje ein kan forvente å få ved sal av ein brukt Citroën ZX 1,4i (3-dørs) frå 1997. Kilometerstanden er rundt 235.000 km, og han er EU-godkjend fram til september 2011. Han ser OK ut (ein del små bulkar rundt ikring, samt sprekk i plasten under fremre støytfangar) og er i god teknisk stand, med unntak av fylgjande: - Motor til bakre vindaugspussar er gåen - Viftemotor til friskluftsanlegg er gåen - Lekkasje i eksosanlegg (eg lyt studere bilen nærare før eg veit kor omfattande dette er) - Problem med låsing av førardøra (dette er berre døra som har sige litt ned, eg reknar med å klare å fikse dette sjølv utan kostnad) Eg har ikkje fått gått over bilen skikkeleg enno, så det kan vere andre småting som dukkar opp. Eg har kikka på Finn.no, og ser at bilar av denne typen ligg ute for alt mellom kr. 5.500,- til kr. 30.000,-. Litt av spørsmålet er kor mykje det er verdt å bruke på denne bilen for å utbetre dei tinga eg har nemnt viss planen er å selje han. Det er til dømes liten vits i å bruke kr. 10.000,- på delar viss ein berre aukar prisen med kr. 5.000,-. I forhold til dei tinga eg har nemnt over så har eg ingen problem med å gjere arbeidet sjølv, så arbeidskostnad er ikkje ein faktor. Vidare så tenkjer eg å bruke uoriginale/brukte delar så langt det går for å halde kostnadane nede. Slik det ser ut no så reknar eg med at eg kan få tak i motor til vindaugspussar, vifte til friskluftsanlegg og komplett eksosanlegg for i underkant av kr. 5.000,- (i underkant av kr. 8.000,- viss eg må skifte katalysatoren òg). Eg har ingen planar per i dag om å utbetre karosseriskadane. Kva trur de, er det verdt det å bruke såpass på denne bilen? Kva trur de ein kan få for han før og etter utbetring av det eg har nemnt?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår