Gå til innhold

oleness

Bruker
  • Innholdsteller

    24
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om oleness

  • Bursdag 04/12/1981

Contact Methods

  • Bosted
    Sogndal

oleness's Achievements

  1. Du skal også høyre releet koble inn akkurat når du skrur på tenninga. Dette skal komme samtidig med at glødelampa slår seg på. Det er uansett ein billig ting å sjekke ut. Trur eg betalte ca 170kr for det. Snakka med ein på jobb i dag som har ein seat cordoba stv. 99mod med 1,6i vw motor, og han virkar til å ha samme problem med sin bil. Så det virkar til at dei hadde ein del dårlege rele på slutten av 90 talet.
  2. Hadde ein 96 passat med tilsvarande problem, men den stoppa også av og til, utan forvarsel. På den var det releet til motorstyringa som var defekt. Lyser glødelampa(kontroll-lampa) når du skrur på tenninga når bilen er varm? På passaten lyste ikkje denne når den ikkje ville starte, noko som indikerte null straum...
  3. Ville levert den på ein verkstad for å lese av feilkodar. Det ser ut som om det er eit elektrisk problem. Muligens LMM eller Lambdasonden, eller evt. ein anna sensor i motoren.
  4. Har hatt 215/45-17 på ein 96mod tdi eg hadde. Men det var litt i største laget på ein senka passat. Passa fint bak, men subba av og til i innerskjermen framme.
  5. Kjende ein som hadde ein slik GDI, og der tikka det heile tida... Men det var visstnok bensinpumpa til innsprøytninga. Er jo nesten som ein dieselmotor... Det er i alle fall den mest naturlege kjelda til tikking på desse motorane.
  6. Prøv med eit anna batteri, evt sjekk hovedsikringar til motorstyring...
  7. Termostaten! Den står sikkert halvvegs open, slik at mykje av varmen frå motoren forsvinn rett i radiatoren. Når den først blir varm, opnar den ikkje meir, og temperaturen stig meir enn den burde. Spesielt når bilen står i ro. Vifta skal ikkje starte før sensoren til den måler ca 100 grader, så det kan stemme med 98 grader i din bil. Dette er lett å kjenne dersom du opnar panseret. Berre kjenn på slangane som går til/frå radiatoren. Når bilen er kald, skal det komme minimalt med heitt vatn inn til radiatoren. Dersom dette ikkje er tilfelle, og varmen inne i bilen kjem fort og greitt (som den skal), kan det vere følaren til målar som er defekt o.l... No har eg gått ut frå at du har nok kjølevæske på motoren...
  8. Dersom jordinga til spelaren vert brutt når du skrur av tenninga, så er det ikkje mykje hjelp i å ha + til batteriet...
  9. Kjenner ikkje til Vento, men på passaten eg hadde: 96mod 90hk 1z TDi, var det skiver bak. Så vil tru det var tilfelle på vento/golf TDi óg... Kvifor ikkje gå for 130/150hk PD TDi når du først skal sette i gang? Bortsett frå pris... Ein TDi med PD og variabel turbingeometri i turboen har eit mykje bedre drag over heile registeret... (105hk, 115hk, 130hk og 150hk i nyare vw og audi)
  10. Svart røyk? Då kan det virke som om den får for lite luft. Er det ikkje slik at dersom ein dieselmotor får for lite luft i forhold til diesel-mengd, vil ryke svart? Det skulle i alle fall bety at pumpa ikkje gir for lite diesel... Kjem på 3 ting som kan virke inn (sikkert fleire, men litt trøtt...): - Luftmengdemålar (har bilen slik? har ikkje vore borti BMW...) dette er i alle fall eit vanleg problem på f.eks. VW TDi. Dårleg drag + svart røyk = defekt luftmengdemålar. - Defekt eller feil justert Wastegate (du skriv at denne har vore bytta, kom problemet i forbindelse med skiftet, eller seinare?) Du kan jo ta av WG, og måle den med ein kompressor? Du justerer jo ikkje trykket ved å korte inn på stanga til WG, du reduserer berre opninga til eksosen som kan passere utanom turboen, noko som hevar trykket. - Defekt turbo - kan ikkje halde trykket oppe. Sjekk lager o.l... Kjem røyken ut som "røyksignal" eller i ein jamn straum...? Sjekk om det er slark i aksling i turbo o.l.
  11. Ein forsterkar har som oftast ein virkningsgrad på ca 50%, resten går vekk til varme o.l... Når ein tenker på at dei fleste spelarar har ein sikring på 10amp, så betyr dette (10a*12v=120w, eller max 10a*14,4v=144w) maksimalt 144w ut til høgtalarane. 144w/4kanalar = 36w/kanal... Men når forsterkaren berre kan nytte 50% av max effekt, betyr dette at kvar høgtalar kan få maksimalt 18w av ein spelar med 10amp sikring. Og då har eg ikkje rekna med tapet til å drive resten av utstyret i sjølve spelaren. Som ePiFaNT seier, så får du sikkert lyd av ein sub, men eg tvilar på at du får noko volum å skryte av. Men når me er inne på temaet, meinar eg å hugse ein spelar frå pioneer(?) ein gang i tiden som skulle klare å drive 4 høgtalarar + sub. Har aldri verken sett eller høyrt dette dyret, men trur ikkje det kan ha vore så mykje å skryte av. Mitt tips er: skal du ha lyd i bilen som er skikkeleg god, så bør du investere i ein forsterkar, først som sist. Og ikkje gå etter max watt, sjå etter RMS, det er mykje lettare å samanlikne. Og noko å tenke på heilt til slutt: Det er mykje lettare å sprenge ein høgtalar med for lite effekt, enn for mykje...
  12. Går ut frå at du tok ein titt på vannpumpa når du demonterte alt likevel. Dersom reima er på plass, og det ikkje var noko fysisk defekt med vannpumpa ellers, så er den nok i orden. Bilen fungerer fint ellers? Eg ville fått tak i ein ny givar til temperatur-instrumentet i bilen. Ta deg ein tur innom ein vw-forhandlar, så kan dei få tak i delen, og vise deg kvar den står på motoren. Eller så kan du alternativt ta ut, og måle den du har. Dersom du tek den av, og har den i ei panne med vatn, så skal du kunne måle endring i motstanden gjennom følaren når temperaturen stig i vatnet. Veit ikkje om den blir større eller mindre...
  13. Ta dei av neste sommar, legg dei i ei panne med masse tjukk olje av ein eller anna sort, og varm det opp litt slik at oljen kjem til over alt... Ellers vil eg sei at på neste modell (94-96), i alle fall på den eg hadde, så hadde vw laga ein liten hendel på sjølve låsen på døra (den som held døra igjen), slik at ein kunne ta av plast-huset, og trykke den på plass igjen når døra ikkje ville henge... Går sikkert an å få tak i slike som passar til 35i også! Har velsigna begge passatane eg har hatt på kalde dagar, ja. Spesielt morro når du har to ungar og sambuar som også skal vere med... Tungt å holde igjen 4 dørar samtidig. Og spesielt morro med TDi, som brukar heile dagen på å bli varm... Ellers har eg eit tips som garantert fungerer: KUPÉVARMAR!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår