Garegaupa Posted September 8, 2017 Report Share Posted September 8, 2017 Hei, folkens! Eg lyt til å skifte viftereima på ein 2008-modell Honda CR-V Executive. Eg hadde bestilt ei ny reim på Bildeler.no (hadde søkt på registreringsnummer og bestilt den einaste som kom opp). Då eg fekk reima så plukka eg ut den gamle, men vart rimeleg vonbroten då eg fann ut at den reima eg hadde tinga var mykje for lang... :-( Det er ikkje akkurat enkelt å få reima av/på i eit så trongt motorrom, så eg gler meg ikkje akkurat til å gjere det om att... :-p Uansett, før eg gjer eit nytt forsøk så må eg få tak i rette reima. Kor mange alternativ er det til denne bilen? Bildeler.no sa at der var to ulike variantar, men dei hadde berre reim til den eine. Når eg går inn på Autodeler.co.no så finn eg fylgjande to reimlengder som skal passe til den aktuelle bilen: BOSCH Kileribberem 1785mm, Ribbeantall: 7 BOSCH Kileribberem 2265mm, Ribbeantall: 7 Kan eg då rekne med at den eg fekk feil fyrst var den på 2265 mm, og at viss eg tingar den på 1785 mm så skal det stemme? Eg var diverre såpass frustrert i går at eg gløymde å måle den gamle reima før eg sette ho i att, og det er ikkje så godt å få målt når ho står i... Flott viss nokon her kan hjelpe meg med dette! Ha ein flott dag og ei god helg! :-) Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Garegaupa Posted September 15, 2017 Author Report Share Posted September 15, 2017 Då fann eg svaret, og for dei som måtte vere interesserte så skal det vere den på 1785 mm. :-) Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.