Gå til innhold

Les DENNE!!!

Ranger emnet


dr.enos.pork

Anbefalte innlegg

Holdt på å dø av latter når jeg leste denne....

 

Sakset fra sunnmørsposten.

 

Bildesperado slapp unna

Politiet i Ørsta karakteriserer møtet med ein bildesperado på Rjåneset sist onsdag som ei «nær-døden-oppleving». Patruljen tok opp jakta, men sløkte blålysa då farten til rømlingen nærma seg 200 km/t.

 

Skrevet av: Knut Arne Aarset (onsdag, 17. september 2003 20:23)

 

Det var i 21-tida sist onsdag ein politipatrulje på veg mot Ørsta møtte bildesperadoen midt i knappaste svingen på ytste Rjåneset. Farten var så stor at den møtande bilen kom over i politibilen sitt køyrefelt på vrengde hjul. Lensmannsbetjent Dag Thore Hagen køyrde patruljebilen. Han la maksimalt ut mot høgre, men frykta det verste.

- Ei uhyggjeleg fart

- Bildesperadoen passerte med minst muleg margin og raste vidare. Det heile kjendest som ei «nær-døden-oppleving», og skjedde så fort at vi fekk berre eit mangelfullt signalement på bilen. Vi fekk umiddelbart snudd og tok opp jakta utover i retning Vartdal. Farten til rømlingen auka uhyggjeleg og vi måtte raskt sløkkje blålysa og gje oss. Heller ikkje har vi lukkast med å oppspore hasardkøyraren i etterkant, sjølv om vi har lagt mykje arbeid inn på dette, opplyser Hagen.

No går politiet omsider ut og ynskjer tips frå augnevitne vil villmannskøyringa.

- Vi vona i det lengste å finne føraren ved eiga hjelp for å overrumple og konfrontere han med den vanvittige køyringa på E 39. Folk som på denne måten utset andre for slik livsfare i trafikken set vi mykje inn på å finne og få straffa. Vi var sjølve berre milliemter frå i bli innblanda i ei fatal dødsulukke, men har diverre ikkje lukkast med å oppspore føraren, seier Hagen.

Vonar på tips

No vonar politibetjent Hagen at tips frå vitne eller andre frå eit vidare distrikt enn Volda og Ørsta kan setje politiet på sporet.

- Bilen er ein mørk BMW med UE-registrering. Han hadde ein farga M-bokstav på venstre side bak, truleg eit symbol på trimma motor, og vidare eit P4-klistremerke i bakruta. Dette var alt vi rakk å få med av signalement, fortel Hagen.

Hagen understrekar at politiet fylgde etter råkøyraren over eit svært kort tidsrom utover mot Vartdal.

- Sjølv om vi i starten sette opp stor fart, akselererte bilen frå oss med veldig intensitet. Det er ikkje tvil om at farten har vore nærare- eller over 200 km/t. Då sa det seg sjølv at det ville vere meiningslaust og uforsvarleg å halde fram jakta, seier Hagen.

 

 

Legg merke til "vrengde hjul" og et farget m merke betyr sannsynligvis at bilen er trimmet...

 

:D :D :D :D :D

chatting with Ascona is like masturbating with a cheese iron,slightly amusing but mostly painful.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Han hadde ein farga M-bokstav på venstre side bak, truleg eit symbol på trimma motor

 

OMFG! trimma motor..hehe..hmm kan det ha vært en M3?

 

:D:D:D

* Volvo 242,355chevy v8,prosjekt,80mod++

* Volvo S60T5 ®,02mod, bruksbil

X Vovlo 240TIC, 83 mod, B230FT, 405topp++

Kadett V8 morro prosjekt. 350 smallblock. kamerat og jeg som hadde lite å finne på :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Originally posted by dr.enos.pork

et farget m merke betyr sannsynligvis at bilen er trimmet...

 

:D :D :D :D :D

Det må vel gå inn under dekaltrim kanskje? :D

03` Volvo V70 d5 197hk 470nm

01` Seat Leon 4x4 20vT

X: 92` Bmw 328 turbo 600+hk X: 85` Bmw E30 286hk+ M-power X: 86` Audi 90 Quattro 20v Turbo 400hk X: 86` Bmw M535i Turbo 500hk

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår