Hei - ny på forumet her i håp om å finne ut av eit stort problem.
Kjøpte bilen i kuldeperioden i november. Sette i nye glødepluggar skifta alle filter + olje. Bilen var sjeldan i bruk før sonen vart 18 i februar - difor tok det ei tid før vi oppdaga at det var problem med bilen. Starta fint kaldstart i vinter - men no når det vårast og utetemp er slik at motor ikkje treng gløding so vil den ikkje starte. Kan stå å kinne til batteriet er tomt. Har sett i 2 nye G62-sensorar utan forskjell. Når vi tar ut denne glødar den og startar som regel fint. Vi har køyrt ca 1-månad med denne utkobla - men no har den trøbla litt med den ute også. Dette er fortvilande - for motoren går jo so fint når den først startar. Det må då vere nokon som har vore borti dette før?