Gå til innhold

heljo

Bruker
  • Innholdsteller

    325
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av heljo

  1. Eg har ein 2000 mod 1,9 tdi, 115hk. Har no vore på ferie med campingvogn, og ein morgon såg eg på køyrecomputeren at den drakk 2,6 liter på mila i ein liten motbakke, samtidig som eg syntest den drog dårlegare. Tidlegare har den brukt maks 1,9 på mila i bratte motbakkar med vogna på. Bilen går heilt greit til eg møter bakkar, då skjer det noko rundt 2000 omdreiningar. Det var akkuratt som om den slappa av litt, men viss eg klarte å få den opp på 2100 omdreiningar, tok den seg oppatt. Når eg køyrde siste etappe heim her på vestlandet, var problemet der endo sterkare, eg klarte ikkje å halde farten i motbakkane. Der eg har køyrt i 90 tidlegare, klarte eg no 75, og bilen "mota" på ein måte. minna litt om ein moped med feil blandig.Feilen kom plutselig, og har blitt verre. Nokon tips?
  2. Kan det vere radiatoren i varmeapparatet som lek? Eg veit ikkje korleis det er oppbygd på desse bilane, men på ein del bilar renn vatnet inn i bilen viss den lek, då ser du ingen lekkasje utanfrå. Og teppa i ein passat kan ta til seg MANGE liter væske før du merkar det, det veit eg alt om! Løft opp teppa framme og kjenn i golvet om den er våt, kanskje finn de svaret der?
  3. Du har nok tull med girkassa di, trur eg. Er det nok olje på den? Lenge sidan olje og filter vart skifta? Det høyrest vel egentlig ut som du treng ein tur på verkstad, sidan automatkasse ikkje er det enklast å fikse sjølv.
  4. Det kan nok vere at den suger i seg olje som ligg i intercooleren, og det er ikkje bra. du kan få litt ukontrollert forbrenning og overrus på motoren. Du får bore et lite hol, 3-4 mm, nede på intercooler, og starte opp. gje forsiktig med gassi starten, så vil olja bli blåst ut der over tid. Etter at olja er komen ut, skrur du inn ei lita skrue med tetningsmasse på, så er det tett igjen. Dette brukar vi på jobb, der det er mykje jobb å ta ut intercooler, så viss det er enklare kan du skru ut intercooleren og prøve å få den reingjort viss det er.
  5. Det kan og lekke bak spegelen, har hatt av den og tetta med silikon der, og på plata inni døra, slik som blei beskrevet i forrige innlegg. Dette var dei første tinga eg gjorde, men det blei fortsatt vått.Så eg fann ut det kom høgre oppe på bilen, låg inni mens ein spylte bilen ute. Då rann det vatn inn på lista på innsteget. Eg fann ut at tak-rails på høgre side var litt laus på fremste festet.Eg løyste av railsen litt, og limte med sikaflex, lekkasje vekk.
  6. Ikkje ta ut motor og girkasse samla, det er veldig mykje meir arbeid! Sperra på reversen ligg vel på giroverføringa, rett under girspaken, viss ikkje eg tek heilt feil. Eg trur det er ei justering som må til. Så plukk ut motoren, og lat kassa stå igjen.
  7. No har eg skifta dynamo, sidan frihjulet ikkje kunne skiftast. Og lyden blei vekk. Et lite tips: Pass på at det er et plastikk deksel på reimhjulet på dynamoen, eg trur minn dynamo hadde levd lenger viss det hadde vore på plass. Masse rust i reimhjulet.
  8. Eg kjenner ein som hadde lignande problem, på ein 115 hk pumpedyse motor, og der var det matepumpa på dieselen som var dårlig. Gjekk heilt greit opp til 1600-1700, og etter 2300 o/min, men mellom der fjuska den kraftigt.
  9. heljo

    Bruker manual

    Og det er ikkje dyrt å kjøpe den, faktisk!!
  10. eg har nettopp høyrt om ein golf bensin med ca samme problem, der var det ein kjølevæsketemp givar som fjuska, trudde motoren var konstant kald, og gav alt for feit blanding. Høyrtest ut som den gjekk på 3 sylindrar. Men eg veit ikkje om det er det samme hjå deg, han fekk nemlig feilkode på det.
  11. Kan det stemme at eg ikkje kan skifte frihjulslager på min dynamo? Møller sa dei ikkje hadde delen, måtte skifte komplett bynamo. 120 ampere bosch dynamo, nokon som har skifta lager på sånn?
  12. Kva bil har du, årsmodell og utgave, og kor rustar det? Nysjerrig...
  13. eg har tatt av dynamoen uten å ta av fronten, eg skrudde ut vifta istadenfor. Eg banna høgt og lenge når eg fann ut at bolten ikkje gjekk ut! Dårlig patent! Korleis tek du fram fronten? Det har eg aldri gjort, men kun kort tid til registerreima må skiftast. Og korleis var det å skifte frihjul? Gjorde du det sjølv? Spesialverktøy?
  14. ønsker å kjøpe speil til mazda 323 92-mod. Har fått knust venstre speilet mitt.
  15. Blir lyden din verre når du svingar i lav hastighet, ved lukeparkering f.eks? Eg har lik lyd som du forklarar, men blir mykje verre ved sving, finn ikkje heilt ut av kva det kjem av. Men eg får vel sjekke dynamoen eg og..
  16. Eg har problem med ein 2.4 gdi, 2000 mod som stoppa ved bruk av kick-down. Fekk start på bilen igjen, og alt normalt. Men etter den blei parkert, vil den ikkje starte igjen, kun kinning. Motorlyset kom på, forsvant når bilen starta igjen, men lyser no. Luktar ikkje bensin etter mykje kinning. Har nokon ein ide om kva feilen er?
  17. heljo

    lugging

    har høyrt at EGR- ventilen går seg tett, men har ikkje opplevd det problemet sjølv (enno), så eg kan ikkje forklare korleis ein rensar den. Nokon andre som kan det?
  18. store mulighetar for at du bør bytte ein pakning under boksen til pollenfilteret no, for den har sikkert blitt god og våt når du hadde fiskdamm der framme. Min bil lak inn der, pga tett drenering. Ein forferdelig jobb å få bilen tørr ein gong, så du vil vel ikkje tørke fleire gongar viss du kan unngå det?
  19. beklagar, trudde ikkje du hadde tatt ut den gamle enno.. Eg trur eg jekka bilen opp på h.s framme, ganske høgt, og bukka den opp når eg skifta turbo i min. Var egentlig ein grei jobb meinar eg å huske.
  20. det går så fint så! Ta vekk luftfilter boksen, så lysnar ting litt..
  21. eg meinar den set på toppen av kassa, rett i nærheten av der giroverføringa kjem inn på kassa. Meinar det er justeringsmulighet på desse, med kontramutter. Kan hende eg blandar litt no, men sjå etter kva du finn.
  22. heljo

    løfte hytte

    hyttejekk på høgre side, montert på ramma bak hytta. Er vel og mekanisk lås som blir opna med et handtak på skjrmen på høgre sida.
  23. Vanskelig å svare på det spørsmålet der... kva lurer du egentlig på? Kva er problemet? Høg/lav, ryggelys....?
  24. heljo

    Girkasse 1.8T

    I følge de eg hugsar frå serviceheftet på min 2000 mod, skal det aldri skiftast olje på girkassa. Men det er nok ein fordel å få det gjort av og til, olja skal jo rense, og ta opp kondens, så den blir jo svekka etter kvart.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår