Heisann !
eg har nettopp gått til innkjøp av ein ascona b 2.0N 78 modell.
Har også skaffa meg ein saab 900 turbo + intercooler.
2.0N maskina er vel eit godt utgangspunkt for ein liten turbo pga. lav kompresjon ?
Men eg lurer på om eg skal bruke store doble forgassera eller bygge om til innsprut ? Kva er fordelar/ulempar med å ha forgassar vs. innspurt og omvendt ?
Ein kamerat av meg som er bilmekaniker fortalte at det ikkje gjekk at å sette turbo på 2.0N motoren uten å bytte topp. Pga. at ventiltettningane på eksosventilane var så dårlige at dei ville bli blåst til helvete berre med litt turbotrykk. stemmer dette ?
Derfor er det vel best av meg og kjøpe ein 2.4 eller 2.2 topp ? som også har større ventilar enn 2.0 toppen.
Skal ikkje ha så stor motor med eingang, så nøyer meg med å få montert turboen og få motoren til å halde. men... mye vil ha mer ;) så det er vel best å bygge det skikkelig med eingang, sånn at eg kan forandre og bygge vidare seinare uten å bygge heile motoren på nytt.
Og ein ting.. eg har høyrt at trommelbremsene bak på ascona b er godkjent til 143 HK. stemmer dette ? Då kjem eg ikkje til å prøve å få ut noke meir enn 140 HK i første omgang, sidan eg slepp og bytte bremser.
Visst der er noken som kan svare meg på desse spørsmåla, evt. komme med andre tips og triks til bygging av turbomotor i ascona blir eg veldig takknemmelig :)
Mvh
Daniel
nybakt ascona eigar