hei.
passaten min bjunte å fjuske litt med dørlåsen på passasjer sida for ein månens tid si. det var ikkje alltid den ville låse opp og igjen, og dermed ikkje blinkte i førerdøra når bilen var låst. tok opp dørsluttstykke for å sjå om det var noe galt siden dette er eit kjent problem. der fant eg ein ødelagt lodding. klarte ikkje fikse den, så bestillte nytt sluttstykke på nbs. det som er ståa nå når eg har bytta denne, er at bilen låser opp og igjen som den skal. men lyse i førerdøra lyser ikkje når bilen er låst. gikk inn med vagcom og der står passasjerdøre som åpen selv om døra er låst. tok av dørtrekke igjen for å sjekke ledninger. det såg bra ut. det eg la merke til når eg hadde dette oppe igjen var at det nye sluttstykke har ein kvit rund dings som nøkkelen skal passe i som om det skulle vært førerdøra. det som også skjer er at når eg trykker to ganger på fjernkontrollen, låser alle dørene igjen utenom passasjerdøra. den låser opp, på låsesignal nr to fra fjernkontrollen. så eg tenkte at eg kanskje har fått feil sluttstykke, kanskje for høyreratt biler? ellers, er det noen ting eg kan sjekke som kan gjør dette?