Blei dytta ut av vegen og inn i ein fjellvegg av ein bil eg kjørte forbi, tilbake i oktober -07. Siden det ikkje er dette som er poenget skal eg ikkje gå nærmere inn på kollisjonssituasjonen. Saken er den at bilen min blei ødelagt og dermed seinere kondemnert. Siden den gang har saken gått sin gang med motstridende forklaringer, jurister med sirup i ræva, treige saksbehandlere i forsikringssselskapet (fekk nye saksbehandlere omtrent kvar mnd), osv.
For ca halvannen mnd siden fekk eg eit brev om at motparten hadde all skyld og dermed ansvaret for situasjonen.
Ringte da saksbehandleren som eg hadde fått oppnevnt og avtalte at dei sku ta takst og så ta kontakt med meg før veka var omme. Etter tre veker og nokre purringer fekk eg eit brev i posten med tilbud om forsikringssum. Summen var på 55484,- Dette syntes eg var litt lite og tok derfor kontakt med saksbehandleren angående summen. Han sa han sku sjå på det. Eg venta mange nye veker og purra nokre gonger. Så i forgårs dukka det opp eit brev i postkassa der eg blei tilbudt 66484,-
For dei som ikkje kan rekne:-), så kan eg opplyse om at dette er ein økning på 11000,-
Det lønnte seg å klage!
Nokon som har vore ute for lignende saker, der det faktisk har kommt noko bra ut av å klage? Det motsatte?