Gå til innhold

Touran-eier

Bruker
  • Innholdsteller

    2
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Touran-eier's Achievements

  1. Takk for kommentaren din. Du sitt tydelegvis inne med mykje kunnskap. Flott at du vil dele med oss andre. Ja, no fekk eg i alle fall tilført meir kunnskap og med Webasto-jobben meir erfaring. Neste gong er godt budd på kva eg møter på. Begynner etter hvert å få mykje erfaring med Touranen min. Ikkje alt er å skryte av. Spesielt lommeboka gremmes av erfaringane. Eg tenkjer då først og fremst på min manglande kunnskap innan elektronikk, kor VW må trekkes inn. Får lyst til å bedrive "bannskap" kvar gong eg går derfrå. (Gamle Passaten min frå 1996 kjøpe eg frå sjåførskule og køyrte den sjølv over 500 000 km. Var aldri på verkstad med den for anna enn hjulstilling. Rett nok skifta eg sjølv bakhjulslager nokre gongar). Denne gongen slepp eg truleg unna med moderat utgift ved at eg fann brukt varmar hjå hoggar i Trondheim. Spent på resultatet. Når dette er sagt, Touran er ein god bil å køyre, med bra fraspark. Eg trivst i trafikken med den når alt virker.
  2. Eg er ein som ligg ein plass mellom 5 og 10 når det gjeld å skru, både på bil og eldre MC. Tenkte at det kan vere greitt å dele litt erfaring. Webastoen min har gitt signal om "No Flame" I testaren min. Eg har ikkje klart å komme meg vidare frå dette nivået. Mitt lokale vektsted har tidligare (før innkjøp av testinstrument) konkludert med trong for installering av ny varmar, til kostnad av kr. 11 000,- + 4 - 5 timer arbeid. Passar svært dårleg. Eg kom over og likte godt artikkelen til Baron von Dirtbike, som beskriver demontering, vedlikehald og montering av Webasto I Touran TDI. Til god hjelp I min optimistiske start på jobben. Heilt einig I at jobben med å få ut Webastoèn er kronglete. Mykje lettare når spylertanken er tatt ut. Gjekk i gong først med sirkulasjonspumpen for vattenet. Den fungerar greit. Då eg omsider kom I gong med demontering av sjølve varmaren fulgte eg rådet med å varme skruene til braketten. Klarte å få ut 3 av 4 uten å knekke. Verre vart det då ein av dei 3 lange skruene, som holder kappen rundt brennkammeret, knekte av like over gjengene. Tydeleg korrodert. Videre fram er der 2 små skruer under plastdekslene, som det ikkje er like greit å varme med propanbrenner siden dei har plast og leidningar tett inntil. Begge knekte. Videre fram, då eg tok ut glødepluggen, var pakningene, under kjeramikk holderen for glødepluggen, I oppløysning. Sjølve glødepluggen virkar. Eg skal klare å bore ut knekte skruar og gjenge opp att hola, men pakningene under kjeramikken for glødepluggen slit eg med. Eg treng råd. Kor får eg tak I desse pakningane, eller skal eg satse på gjenbruk frå hoggar?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår