Gå til innhold

kairoger

Bruker
  • Innholdsteller

    3
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om kairoger

  • Bursdag 05/02/1972

Contact Methods

  • Bosted
    Sandefjord

kairoger's Achievements

  1. No er det vel ikkje Line-Out han er ute etter, men Line-Inn. Og då kan CD-skiftar inngangen benyttast. Det er ein vanleg låg-nivå inngang, så der kan du koble til phonopluggen til mobilen, dab radio osv. Kai
  2. Er det nokon her som har installert eit slikt multimedia video interface i F30'en sin? Med den "SmartPhone Mirroring Interface" delen også kanskje. Fungerar det slik som det står at det skal i beskrivelsen? http://www.xcarlink.co.uk/product.php?productid=331&cat=16&page=2 \Kai Roger
  3. Til info for den som vil spara 7.500,- på montering av hengarfeste på V60'en sin. Det er lett å gjera dette sjølv, og du treng ikkje til Volvo for å legga inn ny software i bilen etterpå. Eg kjøpte komplett kabelsett og feste på Automatriell (ironisk nok rett bak Bilia i Drammen) for 2650,- Og på forhånd hadde eg fått pris på Bilia i Drammen på ferdig montert fast feste med 7-pins el.kontakt på 10200,- (Det var og spesifisert kablar i dette tilbudet som eg ikkje hadde behov for i bilen min, så ikkje ta all info fra Volvo om kva du treng for god fisk) Kjapp gjennomgang. Ta av bakskjermen: 5 torx i kvar hjulbue, to stjerne i midten bak, trekk skjermen rett bakover og koble fra ryggesensor-konnektoren. Ta av støtfangaren under skjermen: 3 sekskant på kvar side. "Slide" hengarfestet inn på plass, løsne varmeskjoldet over eksosanlegget for å komma betre til dei to festeboltane på kvar side. ---- På att med støtfangaren. Kapp til eit 10x15 cm spor i bakskjermen og monter denne igjen. Trekk ut den ferdige kabelmatta i den eksisterande gjennomføringen litt til venstre for midten. Koble til kontakten ute. (her var det med detaljert skjema med fargekodar og nummerering) Inne i brønnen bak koblar du til dei to konnektorane som ligg klar + den kontrollerboksen som er med i kittet. Trekker ein kabel fra pinne 5 i den eine kontakten til +12V på høgre sida i brønnen. (alt dette er det nøyaktig beskrivelse til i skjemaet) Sett i 20A sikring som og er med i kittet, inn i sikringsboksen på venstre side. Voila, ferdig. Alt lyset på hengaren fungerar og ingen feilmelding i instrumentbordet på V60'en. Min teori er at softwaren til dette er allerede lagt inn i bilen og blir aktivert når du sett inn den sikringen. Einaste "problemet" er at ikkje ryggesensoren blir deaktivert når du har tilhengar på og sett bilen i revers. Det er mulig av Volvo kan programmera dette vekk, men for meg spelar det ingen rolle, eg slår berre av ryggesensoren inne i midtkonsollen når eg ryggar med hengar. Totalt ein 2.5 timars jobb for meg som aldri har gjort dette før, men kan du sette saman IKEA møblar er dette ein lett jobb. Berre for å gi eit bilde på kor god fortjeneste Bilia har på desse jobbane, så vil eg tru at dei har betre deleprisar enn meg og deg, dvs under 2000,- for all hardwaren. Og jobben brukar dei nok under 2 timar på sidan det tok meg 2 1/2 time. Det gir dei ein timespris på over 4000,- Tygg på den.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår