gaute19
Bruker-
Innholdsteller
9 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av gaute19
-
Hei. Byttet for nokre månadar sidan ein bil (verdi 5-6000) mot ein gammal tysse boggihenger frå 1985. Vognkort både del 1 og 2 var i orden for min del, men han med hengaren hadde "rota" bort vognkort til tilhengaren. For å vise meg at alt skulle vere i orden sendte me melding til 2282 på reg nr. Her stod det at hengaren var registert på "selgar". Eg var nok forholdsvis uforsiktig sidan fyren virka ok, så me tok å henta skjema på vegvesenet sine nettsider "melding om eigerskifte" - noko som selgar bekrefta at skulle vere "godt nok", og eg skulle motta vognkort del1 og del2 i løpet av kort tid. Alt virka ok, ettersom hengaren stod i hans namn. På vegvesenet sine sider stod det derimot at hengaren hadde vore registert på same eigar sidan den var ny - selgar var 91-modell. Tenkte dette var fordi mannen nyleg kunne ha motteke hengar og databasen til vegevesenet ikkje var oppdatert. Seinare fekk eg brev frå biltilsynet der det stod at eg ikkje kunne få vognkort ettersom det hadde vore problem med registrering mellom selgar og tidlegare eigar. Så ryngde eg selgar av hengar som sa han var bekjent av tidlegare eigar og skulle ordne det. Ingenting skjedde og eg purra meir på selgar. Stadig inga forandring. Så eg ryngde til biltilsynet som ikkje ville gje meg nokon opplysningar og ba meg ordne det sjølv. Seinare ryngde bror min, og fekk hånd om namnet til tidlegare eigar. Hengaren hadde då tilhøyrt eit reklamebyrå, og det som mangla var eit organisasjonsnummer. Så bror min ryngde eigar av reklamebyrået som sa han skulle sende inn nokre dokument til Brønnøysund-registeret for å avvikle dette firmaet slik at registreringa kunne gå i orden. Fleire veker gjekk og ingenting har skjedd. Så var me på ny i kontakt med selgar eg fekk hengar av å trua han med politianmeldelse - virka så meir stressa - men endå ikkje forandring. Konkluderar no med å gå til politiet å legge fram kjøpskontrak for så å melde selgar for svindel. Dette vil uansett ikkje hjelpe meg mtp anmeldelse sannsynlegvis vert henlagd. Korleis kan eg no skaffe meg vognkort ettersom Statens vegvesen er så lite imøtekommande? Korleis kan Vegvesenet opperere med ein sms-tjeneste som seier noko, medan opplysningar på internett seier noko anna? Riktignok bagatellmessig mtp verdi, men ingen likar då å verte lurt?!?! Håpar på goe svar! Mvh Gaute
-
Lekasjen inn til kupeen trur eg var der ledningane til spylaren gjekk inn.... tetta dette med sikaflex, virka som det haldt seg tett då :)
- 6 svar
-
- registerreim
- vannpumpe
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Nok eit bra svar. Takk! Lyt berre lokalisere motornummeret no, så skal dette ordne seg ;)
- 6 svar
-
- registerreim
- vannpumpe
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Steike! Takk for flott svar! Ser ut som eg kjem til å skifte vannpumpe og, satsar på at det meste går knirkefritt... Anngåande vasslekasje tenkte eg lekasje inn i kupeen, ikkje på motor. Fekk utbedra dette idag, så satsar på at fukta held seg ute ved neste regndag ;) Men tusen takk for hjelpa! Mvh Gaute
- 6 svar
-
- registerreim
- vannpumpe
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Hei! Tenkjer å bytte registerreima på min '04 combo 1.7 Di ettersom den no er ti år gammal... Har såvidt fått kikka litt på reima, ser grei ut, men sidan intervall for skifte av reim på combo er 10 år eller 120?130? eller 140? tusen tenkjer eg det er greit uansett.. Er nokså bilkynding, men har aldri skifta registerreim før....bør eg skifte vannpumpe samtidig eller er det nok med reim og strammarane? Eventuelt korleis ser eg slitasje på pumpa? Til slutt......nokon som er kjende med vannlekasjar i combo c? Mvh Gaute
- 6 svar
-
- registerreim
- vannpumpe
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Hei! Skal senke min w210 classic ned 25 mm. Har kjøpt inn Bilstein fjærer og fått lånt meg skikkelege fjærklemmer. Går ut i frå at det enkelt å greit berre er å skifte fjærer... Men har lest noko om endring av nivåregulering og fjærputer? Mvh Gaute
-
Hei Har siden eg kjøpte min MB E200 i fjor sommar hatt problem med vatn/dugg i bilen. På regnværsdager dugger bilen min i overkant mykje. Fann ut at det var store mengder vatn som hadde kondensert i take. Opplevde og at det dryppet ned vatn frå taket på passasjerside. Har og opplevd fleire gongar at det dannar seg store dammar med vatn bak i venstre hjulbrønn. Så eg tok til med å demontere takluke (til ein viss grad) og tårket deretter opp all dugg (under taket) eg nådde i. Fann så ut at dreneringslista som ligg i bakkant av takluka hadde blitt trykt bakover pga knekte fester. Så teipet eg deretter taket igjen for vinteren. Bak tok eg så å såg på pakningen rundt bakruta. Her var det ikkje tydelege skader, men eg tok likevel å la på eit ekstra lag med sikaflex under pakningen. Så kom "våren" igjen og eg tok av teipen. Etter fleire regnskurer til vart det nok ein gong badedam i hjulbrønnen.... Har no komme fram til at eg bør skaffe meg ei ny dreningslist ettersom då eg fikset den knakk festet på ny.... Spørsmåla er så... Andre som har vore borti dette problemet? Eventuelle løysingar? Og til sist.....korleis finn eg delekatalog til bilen, der eg kan få bestillt enkle deler til takluke? Mvh Gaute
-
Hei! Har nettopp kjøpt meg ein 1996 E200. Har lyst å skifte til xenon lys uten for mykje trøbbel. Så: Kan eg skifta berre pæra, men bruke samme lykta. Kjøpe pære+ballast på autoroyal eller liknende. Er det mulig å berre skifte pæra til ei xenon H7 pære? Har høyrt om ballast, men kva er det egentlig og kvifor treng eg det (svi systemet?) Vil eg få feilkoder i displayet? Vil dette gje betre lys eller berre "wannabe" xenon? :) Fyste post! Mvh GT
Bilforumet diskusjon
Bilforumet er plassen du diskuterer bilrelatert innhold. Du spør gode spørsmål og får hjelp av dyktige medlemmer med til sammen tusenvis av år med erfaring fra bilhold. Du kan diskutere alt fra bremseproblemer, tips til montering av ekstralys, hjelp til feilsøking. Du kan også dele dine erfaringer med andre og hjelpe andre medlemmer av dette fantastiske samfunnet.
Kommersielt innhold
Innholdet på forumet er i all hovedsak brukergenerert og blir moderert av brukerne selv. Det er strenge regler for posting av direkte reklame fra eksterne aktører. Forumet eies av Ekstralys as og er hovedsponsor av forumet. Ekstralys og enkelte partnere har anledning å poste umoderert innhold som kan inneholde produktplasseringer. I slike tilfeller vil kommersielt innhold være merket av den som poster i dens signatur.