Gå til innhold

Glytzhkof

Bruker
  • Innholdsteller

    7
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om Glytzhkof

  • Bursdag 12/02/1974

Contact Methods

  • Bosted
    Hyllestad

Glytzhkof's Achievements

  1. Har ein sølvfarga Vaneo frå 2004 med ein sørgeleg dårleg lakk. Masse overflaterust og eg må til å pusse ned og pensle med brunox og hammerite i motorrommet og i hjulhusa, og eg må vel bruke ein Smart Repair gubbe til å ta seg av den synlege overflaterusten der ein må ha originallakk. Eg har ikkje tid til å drive med dette antirustopplegget, og eg synes det er direkte idiotisk at nyare bilar ikkje klarar å lage lakk som tåler ein Norsk vinter. Eg har lese at Smart Repair funkar betre med visse fargar og lakktypar enn andre. Kva farge er lettast å jobbe med for eit godt resultat? Eg vil anta svart er ganske bra, men veit jo ingenting om det. Bilen eg har er ein ombygd rullestolbil, og det kan bli aktuelt å omlakkere hvis problema blir for ille sidan bilen har høg bruksverdi. Kva lakktype og farge vil ein då velge for å eliminere dei største utgiftene ved flikking og sørge for god holdbarheit ved Norske forhold? Eg har dessverre ikkje ei garasje til bilen, så den står ute sommar og vinter.
  2. Er det nokon som har funne eit infrarødt kamera til bil som er laga for innandørs montering? Eg ser for meg ein liten videoskjerm eg kan feste på dashbordet der det infraraude kameraet er festa bak på skjermen og kan fungere gjennom ruta. Finst dette?
  3. Det er lavt ambisjonsnivå på ein fiks her sidan vi berre skal få bilen igang til å køyre den på vraken. I verste fall blir det tauing, men 8 mil i kupert terreng og dårleg vegstandard luktar det svidd clutch og hissige medtrafikantar av. Småsprø løysingforslag blir mottatt med takk! Vil unngå tauing om det går an. Det siste eg har prøvd er å koble til ein jordingskabelen frå ein Zetortraktor. Null effekt. La merke til at batteriet og dynamoen er jorda kvar for seg. Eg prøvde å feste traktorkabelen til dynamoen si jording. Jordingskabelen frå batteriet såg heilt fin ut, men eg ser vel ikkje skade på utsida? Det er null livsteikn i heile bilen. Eg har prøvd å finne ein eller annan hovudsikring men finn berre blink og viskarrele. Eg driv og koblar frå stadig meir elektronikk som bakruteviskar, varmetrådar, setevarme og liknande.
  4. Takk for svar - tok litt tid å sjekke sidan det ikkje er min bil. Har sjekka jording og koblingar og dei ser bra ut. Batteriet er nesten topplada. Ikkje strøm i det heile i bilen, ikkje på dashbordet ein gong. Undersøkte tilfeldigvis eksosrøyret. Kjende noko som likna eit eple - tru det eller ei! Trur eigaren køyrde startmotoren varm for å få start siste gongen. Lurer på om det finst ein eller annan hovudsikring på ein så gammal bil (1993 modell Renault 19, 1,4). Kanskje kompressjonen vart stadig tyngre på grunn av det stengde eksosrøyret og overbelastninga førte til eit sikringsbrot? Einaste eg kan forestille meg utanom kabelbrudd. Eg sjekka alle småsikringane og dei er OK, men synes det luktar litt svidd av nokre rele. Har nokon ein servicemanual for ein så gammal bil?
  5. Hei, scenario: Renault 19 med dårleg startmotor som kunne startast med startkablar eller starthjelp inntil nyleg har no fullstendig tatt kvelden og det er ikkje strøm i noko. Ikkje lys på instrumentbordet når ein set på tenninga, ingen lys, ingen radio. Batteriet er ok. Kobla startkablar frå ein annan bil direkte på straumledningane, null effekt. Alle flatsikringane er OK, veit ikkje å sjekke dei store spesialsikringane. Idear til ka det kan være? Hovudsikring hvis slikt eksisterer? Oppbrent startmotor med påfølgande kortslutning? Kortslutning av andre årsaker som vatn? Ledningsbrudd? Ødelagt tenningslås? Sprengt solenoid? Kort sagt så har eg ikkje pippling.
  6. Har fått for meg at det er veldig mykje arbeid og dyrt. Dessuten er det ikkje lysmengda som er viktigast, men å forbetre lysfordelinga til sidene.
  7. Hei, Har kjøpt ein Mercedes Vaneo og er kjempefornøgd, men skulle gjerne hatt litt betre fjernlys. Synes lyskjegla er for smal og eg køyrer mykje på svingete landeveg. Har vurdert to måtar å montere ekstralys, i ramme under nummerskiltet eller ved å benytte ubrukt rom til grøftelys i støtfangaren. Her er eit eksempel på lysramme: Har fått med meg at det ikkje er lov med meir enn 4 fjernlys, men også at det snart skal bli lov med 6. Her er den ledige plassen (2) til grøftelys. Det er tåkelys montert i lykta (1), så eg antar dette er ein standardstøtfangar der lysa vanlegvis er plassert for seg sjølv: Eg veit ikkje om det er restriksjonar som seier at du ikkje kan ha fjernlys der grøftelys vanlegvis er plassert, eller om det i heiletatt er mogeleg å montere lys her. Helsing -Stein
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår