Gå til innhold

Inbreak

Bruker
  • Innholdsteller

    11
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Inbreak

  1. Ha alltid QD og MF i bilen så er du forberedt ;)

    (Quick Detailer og Microfiber)

     

    Det var noke slikt eg tenkte på ja. :)

    Men er det ikkje ein fordel å først vaske vekk dritten med avfetting eller ein all purpose cleaner eller noke slikt? Og så QD etterpå?

  2. Operasjon fugledritt:

     

    Ein fugl har tatt seg bryet med å sleppe ei god klyse på bilen, den jævelen!! Bilen har begynt å bli litt skitten og støvete, men du har ikkje tid eller mulighet til å vaske bilen akkurat då. Men dritten må jo vekk fort som F. Kva gjer du? Kva utstyr og produkt brukar du? For det er vel bedre å få vekk dritten og heller få litt småriper i lakken, enn å la dritten ete seg vidare inn i lakken.

     

    Korleis beskyttar forresten ei lakkforsegling mot dette?

  3. Truhaa; du som har erfaring med P21S felg-gel, kanskje du kan svare? :)

     

    Noken som forresten veit kor kritisk det er å ikkje få P21S på bremseskivene? Er jo umulig å ikkje søle litt på skivene uten å skrue av hjula. Det eg har lagt merke til er at der det blir spruta litt stoff på skivene blir det ikkje rustfilm litt etter eg har spylt vekk stoffet.
  4. Ok, får sjekke det ut. Men å bruke slikt stoff i hjulbuen er vel berre vits der det er karosseri eller plastbestkyttelse? Ser det er ei slags "filt"-matte i hjulbuen bak på den nye Mondeoen. Har vel lite for seg å bruke slikt der anna enn for rens eventuelt vel?

  5. Noken som veit om noken i Bergen som forhandlar Armourall tirefoam? Har sett ein del plassar men ikkje funne det endå. Har kun funne Vest Bilutstyr på Kokstad som hadde nokre få Armourall produkt, men ikkje tirefoam.

  6. P21S power gel felgvask frå s100.no funka veldig fint på felgane mine i alle fall. Nå er dei delvis lakkforsegla, men stoffet funkar like bra på den indre delen som ikkje er lakkforsegla (han som hadde på lakkforseglinga skal få ta igjen arbeidet og lakkforsegle heile felgen når eg får lagt om til sommardekk).

     

    Noken som forresten veit kor kritisk det er å ikkje få dette stoffet på bremseskivene eller? Er jo umulig å ikkje søle litt på skivene uten å skrue av hjula. Det eg har lagt merke til er at der det blir spruta litt stoff på skivene blir det ikkje rustfilm litt etter eg har spylt vekk stoffet.

  7. Ser ut som det er på tide å få litt liv i denne tråden igjen. :)

     

    Har lest gjennom heile denne tråden og bilpleie for dummies frå a til å no. Eigentlig hatar eg alt som har med bilpleie å gjere som fanden sjølv. Skulle gjerne hatt ein vedlikeholdsfri bil. :) Men etter å ha lest alt her har eg vel om ikkje fått heilt blod på tann, så i alle fall litt. :) Har ein ny Ford Mondeo stasjonsvogn, Sea Gray metallic, som eg køyrte rett til understellsbehandling og lakkforsegling når den ankom Bergen. Behandla med Cartec Wax Guard. Har høyrt mange variantar om kva ein skal gjere med lakkforsegla bil; skal ikkje, bør ikkje, kan ikkje gjere noke serlig med den anna enn vask. Men han som gjorde det for meg sa det skulle holde med vask og eventuelt avfetning, men var ingen problem å polere og vokse om eg det ville. Så er litt usikker på kva eg skal gjere.

     

    Har foreløpig investert idette:

    P21S felgrens gel

    Meguiar's microfiber washmitt

    Meguiar's wheelbrush

    Meguiar's microfiber klut

    Meguiar's watermagnet

    Meguiar's nxt gen tech car wash

    Prickbort mac 124

     

     

    Tenkte å slenge inn denne ordren på ScandicShine straks. Noken kommentarar?

     

    Antall varer: 21

    Vekt: 15.2 kg

    Total sum: 2854,-

     

    Chemical guys Grime Reaper

    102,-

    18L bøtte combo, med gritguard, såpe og washmitt

    340,-

    Chemical guys spray bottles 32oz + sprayhode

    360,- (5x)

    THE GRIPPER APPLICATOR SYSTEM W/3-PACK 5" APPLICATORS

    60,-

    WATERPROOF MICROFIBER 4 IN 1 PREMIUM WASH MITT

    106,-

    Glass Master Pro Glass and Surface Cleaner

    191,-

    Ez Detail brush

    213,-

    Chemical guys Maxi-Suds II

    124,-

    Chemical guys Citrus Wash & Gloss

    131,-

    Chemical guys streak free glass cleaner

    94,-

    Scholl SW20 premium speed wax 500ml

    135,-

    Swissvax Alcantara Cleaner 250 ml

    299,-

    Chemical guys MIRACLE DRYER ABSORBER 25" x36" ELITE DELUXE

    136,-

    Chemical guys fluffers

    72,-

    Chemical guys Microfiber revjunator

    131,-

    greenCLEAN total interior and exterior cleaner

    106,-

    Chemical guys 16oz- COMBO LEATHER CLEANER & CONDITIONER

    254,-

     

     

     

    Så blir det vel å slenge inn ein ordre på Autogeek etter kvart med litt diverse. Eventuelt bestille frå andre billigare i USA og bruke Jetcarrier. Noken som har erfaringar med å gjere det den vegen?

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår