Hei! Har no montert M90 i 240`en, og alt ser ut til å fungere fint, bortsett frå reversen.
Når eg set spaken i revers og slepp ut clutchen, kjem det ein skurrelyd. Høyrest ut som to tannhjul som slurer mot kvarandre.
Spaken flyttar seg også ørlite tilbake mot midten når dette skjer, og då avtar lyden og blir vekke. Verkar då som den har gått i fri igjen.
Men i 1 av 10 tilfeller kjem den i revers, og då fungerer reversen heilt fint. Det kan virke som at overføringa har problem med å sette den fullstendig i revers.
Nokon som har synspunkt på kva som kan vere gale? Har sjekka at det ikkje er spastellet som begrensar vandringa til spaken, så det kan det ikkje vere.
Mvh Lars J