Gå til innhold

VentoGL

Bruker
  • Innholdsteller

    2
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om VentoGL

  • Bursdag 07/15/1985

core_pfieldgroups_99

  • Modell (eks S4)
    RAV4
  • Biltype (eks Audi)
    Toyota
  • Årsmodell (eks 1995)
    2001
  • Motor (eks 1.6)
    2,0

Contact Methods

  • Bosted
    Noreg

VentoGL's Achievements

  1. Har hatt ein Rav 4 i to år no som eg har hatt litt problem med. Kjøpte den ferdig daukøyrd av ei dame, og har ikkje heilt fått den til å gå "normalt" igjen sidan. 1. Hadde veldig dårleg akselerasjon - sjølv om eg kanskje kun køyrde i 60 kmt i 4-gir var det nødvendig å gå ned i 3-gir for å hente nok krefter for å kunne nå 80 kmt på en akseptabel tid. Kunne også køyre i 80 kmt i 5-gir og så lenge det ikkje var flatt så greidde den ikkje å auke farta i det giret. Var også små rykkingar i bilen jamnt, uansett kva fart eg hadde. 2. Skifta pluggar, luftfilter, oljefilter og olje. Samt ein lambda sonde som eg vekk motorvarsellys på. Men utan forbetring. 3. Fylde tilfeldigvis Vpower i staden for vanleg Fuelsave 95 på den, og då fekk eg meg ei overrasking. Bilen gjekk mykje betre, og slik eg heile tida forventa at den skulle gå. Då gjekk den på linje med andre RAV 4 av samme årsklasse som eg har prøvd for å samanlikne, og som har gådd slik dei skulle. Rett nok var den irriterande rykkinga der fortsatt. Neste tank fylde eg vanleg 95 bensin og då var det tilbake til det gamle dårlege. 4. Kjøpte Forte Motor Flush som eg tømde i oljen og lot den stå og gå i 45 min, med litt periodevis rusing. Tappa av oljen og tok av filteret = lukta sur olje og såg små partiklar i oljefilteret. Fylde på ny olje og nytt filter. 5. Samtidig kjøpte eg også Forte Gas Treatment som ein skal tøme i tanken, og så rensar den drivstoffsystemet og dysene osv.. Etter nokre få mil starta eg å merke forandring og etter kort tid gjekk den ganske greit. Men rykkinga var der framleis. Tid har gått, og det kjem ofte perioder der bilen går like dårleg som før, for å deretter plutseleg gå bra igjen. Kva som gjer dette er for meg eit mysterium. Eg undrar difor på om det er nokon andre der ute som har vore borti eller har kjennskap til om kva dette kan skuldast? Eg har planar om å skifte bensinfilteret, og kjøpe meg ei flaske til med Forte Gas Treatment for å sjå om der kan vere meir drit i systemet. Og kanskje skal eg bytte tennpluggkablane. Men denne rykkinga virkar som den har kome for å bli. Er det noko som kan justerast? Kan dette ha noko med luftmengde(masse?)målar? Har prata med mekanikarar på Toyota, som ikkje hadde kjennskap til at dette har vore eit problem på andre RAV 4. Elles er det ein god bil som berre har gått 115 000 km. Takk for all respons! :)
  2. Er det nokon som veit kva feste som er på ein bakrutesenkar og panserforlengar til Vento?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår