Hei.
I vinter kjøpte eg ein Golf 3 tdi 94 modell. Bilen hadde ein stygg tendens til å stoppe inn imot kryss noko som ikkje berre var irriterande, men skapte og svært farlege situasjonar. Først skifta vi alle filtera, så skifta vi bakdelen på tenningslåsen samt relee 109, ingenting hjalp. Etterkvart verka det som om det utrulig nok hadde noko med blinklyset å gjere, fordi tre gongar på rad stoppa bilen når eg slo på blinklyset. Problemet blei berre verre og verre så vi kobla batteriet direkte på dieselpumpa itilfellet det var noko gale med med tenningslåsen, men bilen stoppa fortsatt. No ana eg rett og slett ikkje kva eg skal prøve lenger. No stopper bilen i tider og utider. Ikkje berre inn mot kryss, men uansett kva eg gjer. Som regel starta den igjen med ein gong, men av og til kan det ta opp imot 5 min. Det som skjer når eg ikkje får start er at alt virka (lys, vifte og anlegg), men når eg vrir om nøkkelen lyser ikkje lysa i instrumentpanelet (batteriet, gløding og oljetrykklampa) samt at startaren ikkje slår inn sjølv om det kjinna heilt normalt. Er det nokon som har vert borte i dette??? Nokon som aner kva det er? Eg gjer snart opp.