Gå til innhold

vestmek

Bruker
  • Innholdsteller

    3
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av vestmek

  1. Har bladd gjennom forumet og sett etter tilsvarande problem, har funne nokon, men ingen løysing. Prøver derfor å søka litt hjelp... Bilen er ein audi80 94mod 2.0. I utg pkt var problemet dette: -Bilen startar fint når den har stått lenge, eksempelvis frå kveld til morgon, eller morgon til ettermiddag. Men dersom bilen er varm, er det ingen reaksjon i startaren. Av og til kan det hjelpa å halda tenningsnøkkelen i startposisjon lenge, og plutseleg startar bilen... Stort sett hjelper heller ikkje dette. Startmotor er bytta uten at dette var til hjelp. Har målt spenning på startar, alt normalt. (Vel og merka når bilen har stått ei stund...) Er du så heldig å få ein dytt startar bilen veldig lett... Nokon som har peiling? Har plukka sundt for å sjå etter åpenbare elektriske feil, ingen funne til no. I tillegg starta ladelyset å lysa for eit par dagar sidan. Bilen slutta og lada, og stoppa. Bytta dynamo i dag til ein brukt, måler på den at den skal lada, men bilen klarar ikkje å halda seg med strøm. I tillegg blinkar varsellys for oljetrykk og bremsevæske, men dette reknar eg med er pga for lite strøm, sjølv om det skulle slutta når eg har batteribooster på og kun står på parklys... Det virkar også som at instrumentlysa er svakare enn dei skal, sjølv om eg har ekstern strøm. Leitar etter feil på det elektriske, men veit lite om kva eg skal sjå etter... Takkar dei som kan bidra med noko her, har akkurat betalt årsavgifta, og hadde ikkje håpa på at dette skulle skje... God påske! Anders
  2. Fekk samme problemet med ein audi80 etter eit verkstadbesøk... Bittert! Måler på dynamoen at den ladar, men den gjer heilt klart ikkje det ettersom ladelyset lyser, og batteriet etter ei kort stund er paddeflatt... Driv og forskar på det no, høyrer gjerne frå deg viss du fann ut kva som var gale hos deg. And
  3. Hei! Har lignande problem med ein audi 80 94mod. Den startar i 99% av tilfella kald, som om morgonen. Men med ein gang den har vore i gang ei stund blir det problem. Det er ingen rekasjon i startaren. Det kan av og til hjelpa å halda nøkkelen i startposisjon lenge (10-30sek), men ikkje alltid. Eg har målt spenninga på startaren, alt her er i orden. Leverte til slutt bilen på verkstad for å få det ordna, dei bytta startmotoren, men det vart på ingen måte bedre... Faktisk heller verre, sidan alt av varsellys lyser, og bilen ikkje ladar... Eg lurte på om det kunne vore tenningslåsen, eller eit rele med dårlig kontakt, men har ikkje funne ut noko. Har du komme nærare ei løysing? Anders
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår