Har to stk Maxxima 900DC batteri i russebilen vår.
Fram til no har vi hatt problem med at anlegget, som er kobla til batteriet bak i bilen ikkje har spelt skikkeleg, med mindre batteriet har stått på lading over lengre tid. Men det tar kort tid før batteriet gir ut for lite straum til forsterkarane, slik at dei ikkje klare å drive subbane og elementa skikkeleg. Blir skurrelyd og subbane dunke rart.
Så prøvde eg å bytte plass på batteria, og vips vart lyden heilt kurrant! Men batteriet framme er mongo, og no får eg ikkje start på bilen (sjølv om voltometeret vise 9,5). Sikringa mellom dei to batteria ryke, 60A, når eg vrir om tenninga.
Er problemet at batteriet som no står framme har tatt kvelden, eller er det noko vi har kobla feil? Batteriet bake vise jamnt over 12,5:)