Gå til innhold

Montering av DEFA WarmUp II 1900 SmartStart i 2008-modell Honda CR-V Executive


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Hei, folkens!

 

Eg sit og vurderer å kjøpe DEFA WarmUp II 1900 SmartStart og montere det på ein 2008-modell Honda CR-V Executive. Det eg lurar på er om dette er ei overkommeleg oppgåve for ein høveleg nevenyttig og oppegåande hobbymekanikar? icon16.gif Er det nokon spesielle fallgruver eg lyt passe meg for? Og er det mykje "boring og kapping" i sjølve bilen, eller er det mest "plug and play"?

 

Alle innspel og erfaringar vert mottekne med takk! thumb.gif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alt er plug&play, eneste du må bore er hull til inntakskabelen. 

Følger med monteringsanvisning for motorvarmerelement så hvis du er høvelig nevenyttig burde det gå helt fint. 

Monterer bøttevis av disse på jobb, og det værste er faktisk og finne gjennomføring igjennom torpedovegg. Finner du en passende gjennomføring er det en smal sak :)

Bilforumet.no
Super Moderator
 

PM med tekniske spørsmål blir ikke besvart, lag en tråd i forumet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 year later...

Då tenkte eg at eg skulle til og montere dette her no i løpet av denne veka. Eg har kikka litt på bilen, men eg ser at den store utfordringa vert å finne ein grei veg for kabelføring inn i kupeen, akkurat som @Jesper1201 spådde.

Eg finn ikkje nokon opplagt nokon plass, heller ikkje i området rundt vindaugsviskarar og vasskasse. Det gjer det ikkje akkurt lettare at det er trongt å kome til alle plassar...

Eg prøvar meg ein gong til på om det skulle vere nokon som hadde ein genial ide her, viss ikkje så er det vel berre å begynne å leite med ljos og lykter (bokstaveleg tala)! :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingen gode idear? No har eg stått med hovudet både under panseret og under dashbordet i ettermiddag utan å finne noko... Ein stor del av utfordringa er at det er så trangt å kome til der det kan vere aktuelt å trekkje ein kabel gjennom. Eg finn ikkje ein vitug plass å bore hol eingong viss det skulle vere det eg endar opp med...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 year later...
På 2/21/2019 den 9:16 PM, Garegaupa skrev:

OK, problem løyst! Eg hadde oversett ei kabelgjennomføring lengst oppe, inni, bak og bortanfor... Då er alt i orden! :-)

Står her med samme problem, men to år nyere bil. Kan du spesifisere hvor du fant mulighet for kabelgjennomføring?  Høyre side, under vindusvisker,  lengst opp og bortenfor hvor...?   Må noe demonteres kanskje?  

Blir veldig takknemlig for svar,  vi frys, både jeg og bilen.. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! Etter mykje leiting så fann eg ei kabelgjennomføring nede med pedalane. Eg hugsar ikkje heilt nøyaktig plassering, og er ikkje akkurat i nærleiken av bilen no. Uansett så var det rimeleg greitt å finne frå innsida, i alle fall. Frå motorrommet var det noko meir knotete, men det gjekk rimeleg greitt. Der sat ei gummiforing som der gjekk fleire kablar gjennom, og det gjekk akkurat å lure inn DEFA-kabelen òg.

Sei ifrå viss du ikkje finn det, så skal eg prøve å få teke eit bilete når eg kjem heim att.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Bilforumet.no bruker cookies. Det brukes cookies til å måle trafikk, for å optimalisere siden, og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du vår bruk av cookies. Sjekk ut vår Privacy Personvernvilkår